19.05.2013
Veke 24 - 10. juni 2008

Kven er du som dømmer nesten din

Vigdis Berland Øystese. (Foto: NLA (for NRK-andakten).)

Stundom skal det så lite til for å snu ein situasjon frå håplaus til trygg og optimistisk, stundom skal det så lite til for å forandra eit spegelbilete frå ordinært til eineståande, seier Vigdis Berland Øystese.

Teksten er henta frå Jak. 4, 11-12.

Stundom skal det så lite til for å få nokon til å bøya nakken, stundom så lite for å leggja lysande prosjekt døde og få glade steg til å snubla.

Stundom skal det så lite til for å spreia ringeakt og skam, for å skuggeleggja eit heilt liv.

Stundom skal det så lite til for fordreia og forringa eit bilete, stundom skal det så lite til for å tenna ein brann av mistanke og unødvendig sladder.

Stundom skal det så lite til før ei halv sanning vert ei heil løgn; før eit lite hint blir eit øydelagt rykte.

Stundom skal det så lite til for å gjera eit spirande venskap til eit vondt minne.

Stundom skal det så lite til for å sløkkja ei håpefull forventning i eit ope andlet.

Stundom er det berre eit ord som trengst!

Stundom skal det så lite til for å lokka smilet fram i eit lukka ansikt og gjera grått til gyllent på ein heilt allminneleg dag.

Stundom skal det så lite til for å snu ein situasjon frå håplaus til trygg og optimistisk, stundom skal det så lite til for å forandra eit spegelbilete frå ordinært til eineståande.

Stundom skal det så lite til for å venda samtalen frå negativt til positivt, og karakteristikkane frå nedsetjande til aksepterande.

Stundom skal det så lite til for å forandra ein reprimande til eit omsorgsfullt spørsmål.

Stundom skal det så lite til for å opna ei stengd dør og letta ei tung togn.

Stundom er det berre eit ord som trengst!

Skriv til Vigdis Berland Øystese her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Kine Hellebust og Bjørn Andor Drage med "Som du dømer, fær du dom".

Andakt 10.06.08 ved Vigdis Berland Øystese

Neste sending: Andakten

Morgenandakt

NRK P1, tirsdag 21.5. kl. 8.20 | Legg i kalender[?]

Ved Nils Terje Andersen.

Flere sendinger

Podkast

http://podkast.nrk.no/program/andakten.rss

Med podkast får du programmet som mp3-fil rett til din datamaskin!

Kontakt

E-post: andakten@nrk.no

Telefon: 73881400

Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.