skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
agenda_toppbanner_3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > Radio > Agenda Sist oppdatert 11:49
 

I byrjinga var skjegget... - Mannens merke fra farao til kronprins

Hannløva har manke, elgoksen har gevir, hanen har kam og mannen har skjegg. Eller han har barberutstyr.

Publisert 15.09.2003 16:04. Oppdatert 24.09.2003 09:54.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Anders Kvåle Rue frå Svartdal i Telemark lurer på kva som gjer at millionar av menn kvar dag barberer av seg mannens merke. No kjem han med boka Skjegg - En kulturhistorie.

Reporter Ragnhild Sleire Øyen er med på streif gjennom skjegghistoria i Agenda på NRK P2 17.9 og 23.9

Mellom Eufrat og Tigris, der det vi reknar som dei første sivilisasjonene oppstod, hadde alle frie menn skjegg.  -Menn bruke barbering som overgrep på andre menn, til dømes på krigsfangar og slavar. Dei barberte menn for å symbolsk kastrere dei og ufarleggjere dei, fortel Anders Kvåle Rue.

Hatshepsut
Dronning Hatsepsut brukte lausskjegg då ho regjerte.
I det gamle Egypt var derimot skjegget strengt knytta til sfinxar, farao og gudar. Skjegget blei symbolet på kven som var farao, og alle andre menn måtte barbere seg for å vise respekt. -Til og med Dronning Hatsepsut brukte lausskjegg då ho regjerte, fortel Kvåle Rue.

Dei gamle grekarane høyrde forferda om barberingsskikken i Egypt. I Hellas var skjegget teikn på faderleg autoritet og klokskap, i motsetning til umodne, glatte guttekjakar.

Men då Alexander den Store på 300-tallet f.Kr. sette i gang å erobre ut frå Makedonia og Hellas, tvang han mennene sine til barbering. Dei skulle ikkje ha "skjegghandtak" som fienden kunne gripe tak i under nærkamp. Den greske kulturen påverka romarane, og med romerriket spreidde barbering seg som ein del av den romerske sivilisasjonen.

Parallelt med Romerriket gjekk jernalderen og vikingtida i Norden. -Ein herleg skjeggperiode, jublar Anders Kvåle Rue. -Igjen hadde alle frie menn skjegg, og det var vanleg å få namn etter skjegget sitt, til dømes Sigtryg Silkeskjegg eller Torolf Luseskjegg.

Vikingkarikatur
Illustrasjonane er fra boka "Skjegg - En kulturhistorie" og tegna av Anders Kvåle Rue.


Men mot slutten av tusentalet kom skjegget på nytt i vegen for kriginga. Brynjene dekka nesten heile hovudet, og skjegget vart sittande fast. Samstundes forlangte Paven at munkar og prestar skulle barbere seg, og frå adelen og dei geistlege spreidde barberinga seg til vanlege menn.

Holberg
Ludvig Holdberg skreiv at ingen utan geiter og norske bønder hadde skjegg.
Etter nokre hundreår der berre usiviliserte bondetampar hadde skjegg, kom renessansen. Renessansen sette tanke og skjegg fri. Reformasjonen gjorde ōg godt for skjeggveksten, meiner Kvåle Rue. Etter brotet med paven grodde mange kjente kyrkjemenn og reformerte leiarar skjegg, til dømes Gustav Wasa og Christian III, og skjegg blei igjen mote i heile folket.

-Men snart kom den verste skjeggperioden eg kan tenke meg, nemleg rokokkoen, seier Kvåle Rue. -Ikkje berre barberte mannen av seg alt skjegg og gjekk i ukonfortable klede, han barberte ōg av seg alt hår og gjekk med pudra parykkar fulle av lus og mark og midd! Kvåle Rue frys på ryggen.

Med den franske revolusjonen fall det eine parykkhovudet etter det andre for gilliotinen. Naturleg hår kom på mote igjen, først med kinnskjegg i 1789, deretter bartar i 1830 og heilskjegg i 1948, observerer Kvåle Rue.

Ibsen
Ibsen hadde såkalla merkantilt skjegg. (Foto: SCANPIX)
1850-1914 var ei frodig tid for skjeggveksten. Menn friserte og danderte skjegg og bartar som aldri før, og yrkesgrupper viste kven dei var med skjegget. Vi fekk mellom anna sjømannskrans, professorskjegg, keiserbartar og såkalla merkantilt skjegg, som Ibsen hadde.

Men så, midt i skjeggets gullalder kom Charles Darwin med boka Artenes Opprinnelse. -Darwin hadde sjølv eit flott skjegg, og hadde kanskje ikkje sett for seg at evolusjonslæra skulle gi skjegget eit skot for bauen, tenkjer Kvåle Rue. -Mannen såg no på seg sjølv som ein vidareutvikla ape, framleis i evolusjon. Håret i andletet blei noko dyrisk mannen helst ville rake av seg, fortset han.

Det gjekk nedover med skjegget, og då første verdskrigen braut ut var gullalderen definitivt over. Begge sider brukte gassmasker, og dei var umoglege å få tette over skjegg og store bartar. Soldatane måtte tvangsbarberast, og det til då beskjedne selskapet Gilette fekk ei storkontrakt. 3,5 millionar barberhøvlar og 36 millionar barberblad seinare var mange vestlege menn vante med å barbere seg, og Gilette la mykje reklamepengar i å oppretthalde myten om barbering som maskulint rituale også i fredstid.

Churchill
Churchill valte eit barbert andlet. (Foto: Scanpix)
Under andre verdskrigen ga Churchill og Roosevelt demokratisk valte leiarar eit barbert andlet, og vestlege leiarar har stort sett vore skjegglause sidan. -Slips og sløyfe er erstatningar for skjegg og bart, seier Kvåle Rue.

Frå 50-talet vart skjegg og hår noko ungdommen kunne bruke for å markere seg. Då rockemusikken kom, kom han med kinnskjegg. På 60-talet var det så mangt som skulle ekspimenterast med og frigjerast, -inkludert skjegget. Og utetter 70-talet hadde skjegget fått innpass i mange yrke att. Men 80-talet vart igjen eit tilbakeslag for skjegget. -Mann og kvinne skulle vere så like at det ikkje sømma seg for menn å gå å briske seg med skjegg, meiner Kvåle Rue.

Dessutan var det glatt jappetid, og datarevolusjon. -For første gong vart det ein bakdel å ha erfaring på ein arbeidsplass. Mannen fant det oportunt å imitere den ungdommelege utsjånaden utan skjegg, seier Kvåle Rue. 90-talet synest han var prega av ungdomssdyrking og vegring mot å bli vaksen; ikkje akkurat godt dyrkingsmiljø for skjegg.

Haakon
Kronprinsen anla skjegg rett etter at han vart gift. (Foto: Scanpix)
Milleniumsskiftet ga Kvåle Rue nytt håp for skjegget. -Skjegget kom att, gjerne i heilt nye frisyrar, og no tilhøyrer det det særleg ungdommen. Og meir enn det: Med kronprinsen har vi for første gong har vi fått kongeleg skjegg i Norge. -Eg har tidlegare trudd vi no vil gå inn i ei skjeggtid som kan vare i tusen år. Men maktmekanismane i samfunnet gjer nok at mannen framleis vil underordne skjegget sitt for å få jobb eller for å fungere saman med andre menn. Desverre vil nok mannen barbere seg til evig tid, trur Kvåle Rue.

Agenda NRK P2 17.9 og 23.9






Siste saker:
Flere saker: ALT OM AGENDA I 2003

 
10 SISTE AGENDA
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no