Hopp til innhold

Ut i naturen: Kunsten å legge seg paddeflat

Uke 10 NRK1 tirsdag 3. mars kl 19.45

Det har ikkje mangla på store avisoverskrifter etter at to menn frå Volda bestemte seg for å redde dei lokale paddene.

Ut i naturen: Kunsten å legge seg paddeflat

Padda, ein rikskjendis.

Foto: Gunnar Wangen

Og avisoverskriftene kunne lyde slik: Norges første statsansatte paddebærer! Fryktar kjempepadde! Rekordoppmøte på paddesafari!

Paddene sin advokat
Ved Lisjevatnet i Austefjorden på Sunnmøre bygger vegvesenet ny europaveg, og det rett igjennom leveområdet til Norden sin største paddebestand. Oddvar Olsen og Gunnar Wangen tek rolla som paddene sin advokat, og endar opp med å setje eit heilt lokalsamfunn på hovudet.

- Planen var å lage ei kort reportasje, fortel regissør Are Pilskog. Han har i heile fire år ligge langflat i ei veggrøft og filma. Ingen hadde forutsett at paddene skulle bli rikskjendisar.

Sju paddetunellar
Det er ikkje berre berre å kjempe paddene si sak. Folk flest ser nok på dei små vesena som lite tiltalande, og vegvesenet hadde ingen planar om å legge seg paddeflat.

Ut i naturen: Kunsten å legge seg paddeflat

Oddvar Olsen og Gunnar Wangen framfor ein paddetunell.

Foto: Are Pilskog / Blåst Film AS

Men Oddvar og Gunnar nekta å gi opp, og etter nærmare 25 års kamp fekk dei til slutt med seg Statens vegvesen på å byggje heile sju tunellar for paddene under europavegen. Eit unikt prosjekt som kosta over 1 million kroner.

Men er det realistisk at paddene vil buke tunellane? Noko skal vise seg å vere fullstendig gale.

Paddeskulptur
Ein lokal banksjef ser etterkvart turistpotensialet i paddene og gir pengar til informasjonskilt, ein paddeapp og ei 2,5 meter høg paddestatue.

Men kor skal den enorme skulpturen stå? Og er lokalbefolkninga i det heile interessert i å bli kjent som paddebygda?

- Vi menneska har nok ein tendens til å favorisere dyr som er tiltalande eller har stor openbar nytteverdi for oss, påpeikar filmskaparen. I filmen tiller han spørsmålet om også små, grå padder kan vere verdt å ta vare på.

Ein varm film om uventa lokalt engasjement frå den prisvinnande regissøren Are Pilskog ("Havets sølv").