Ras Gjerdrum - Oppryddingsarbeidet har pågått dag og natt for å få opna vegen så raskt som mogleg. - Foto: Dragan Cubrilo / NRK

Oppryddingsarbeidet har pågått dag og natt for å få opna vegen så raskt som mogleg.

Foto: Dragan Cubrilo / NRK

Rasstaden er rydda

Fv 120 i Akershus ved Fløtten mellom Skedsmokorset og Ask er opna igjen. Vegen har vore stengt på grunn eit steinras.

– Alt av stein og massar er fjerna, og det skal vere mogleg å ferdast normalt på den strekninga igjen, seier operatør Marius Råve ved Vegtrafikksentralen.

Store mengder lausmassar

Raset som skjedde seint på laurdags kveld, like ved kommunegrensa til Skedsmo, var 100 meter langt og 20 meter breitt. Fire personar vart evakuerte, og det vart antatt at vegen kom til å vere stengt i fleire dagar.

– Opprydningsarbeidet har pågått dag og natt frå det vart lyst på morgonen på måndag. Det har vore folk øvst oppe i rasområdet og fjerna lause masser og sikra rasstaden, fortel Råve.

Arbeidet med å sikre rasstaden skal ha gått greitt, og det har vore relativt lite skader på sjølve vegen. Det som har tatt tid har vore å fjerne lausmassen og køyre dette vekk frå plassen, slik at vegen kunne opnast igjen.

Siste videoer

Design er ikke bare unike møbler og stilige boliger. I utstillingen Lev vel på Norsk Design- og Arkitektursenter kan du se hvordan lure designløsninger også kan gjøre hverdagen din grønnere.
De løfter mye, tungt, og de er mange. Enorm vekst av kvinner i styrkeløft-idretten.
Morten Harket har konsert på sentrum scene. Enkelte fans har reist LANGT, etter å ha venta i TRETTI år på å oppleve idolet sitt live. Og medan DEI sto i kø i dag, hadde NRK ein ekstra liten vente-bonus.

Flere nyheter

Se flere tv-saker

Strekningen på rv. 4 mellom Sinsenkrysset og Bjerke en verneverdig firefelts vei. Det skaper problemer for ny trikketrasé til Tonsenhagen.
Christopher Nielsen stiller for første gang ut på Henie-Onstad Kunstsenter på Høvikodden.
Folketeateret setter opp de tre musketerer.