Hopp til innhold

Mann med «jet pack» sakna i sjøen

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Politiet har avslutta søket etter ein mann som skal ha styrta i sjøen med «jet pack» i Oslofjorden.

– Ein mann kom fykande over sjøen, med James Bond-liknande utstyr, ein såkalla «jet pack», fortel redningsleiar Ben Vikøren ved Hovudredningssentralen Sør-Norge til NRK.

Mannen vart observert flygande over Oslofjorden mellom Filtvet i Buskerud og Son i Akershus.

– Han forsvann i sjøen. Vi fryktar at han ligg der ein eller annan stad, seier Vikøren.

Politiet fekk melding om hendinga like etter klokka 20 torsdag kveld. Tre redningsskøyter, redningshelikopter og luftambulanse deltok i leitinga.

Jetbelte

Illustrasjonsbilete: Det finst mange versjonar av «jet pack». Her er ein av dei.

Foto: Martin Jet Pack

Søket vart avslutta klokka 23 på grunn av mørket, opplyser operasjonsleiar ved Søndre Buskerud politidistrikt Truls Fjeld.

– Avgjerda er gjort i samråd med Hovudredningssentralen i Sør-Norge. Vi trekk tilbake ressursar på sjøen og i lufta, og vurderer på ny fredag morgon om vi skal søke vidare, seier han.

Ein «jet pack» er eit rakettbelte, ei innretning som gjer det mogleg å fly ved hjelp av gasstankar som heng på ryggen.

Politiet hadde torsdag kveld problem med å få kontakt med ein person dei hadde fått opplyst dreiv med slik aktivitet i området, men opplyser seint torsdag kveld at dei har fått kontakt med denne personen.