Hopp til innhold

Barneskuleelevar fekk grøne fingrar

Borna frå Vahl skole på Grønland har i sommar vore med på å gjere eit av dei gråaste områda i Oslo sentrum grønt og frodig.

Midt mellom store avtrekkspiper, motorvegar og bygningsarbeid står trekasser til randen med salat, sukkererter, jordbær, solsikker og andre saftige vekstar. Herligheten Parsellkollektiv starta opp i mai tidligare i år, og har i løpet av sommaren fargelagt eit elles så grått område i Bjørvika.

Christoffer Evju og Helene Gallis

Christoffer Evju er styreleiar for nyoppstarta Herligheten Parsellkollektiv.

Foto: Jean Christine Cena / NRK

– Det har gått over all forventning, seier styreleiar Christoffer Evju.

– Det var nokre som aldri møtte opp, og andre som måtte seie frå seg hagane av ymse grunnar. Det har gitt rom for nye deltakarar, og andre som treng meir plass.

Planteklubb

Ein av dei som har fått plass i andre utdelingsrunde er Helene Gallis. Ho er lærar ved Vahl skule, og har delt parsellhagen sin med elevar frå barneskulen. Saman har dei starta eigen planteklubb, med eigen blogg.

– Vi fekk utdelt lappar på skulen med informasjon om Planteklubben. Då var det ikkje alle i klassa som hadde lyst, men sidan vi som var med første dag hadde det så gøy, var det fleire som ville vere med etter kvart, fortel Rabeea Rashid.

Både ho og lillesøstra, Javeria Rashid, er ivrige hagearbeidarar, og fortel at dei har vore med på Planteklubben kvar onsdag i heile sommar.

Spennande å spise rosa grønsaker

– Eg hadde aldri trudd at born skulle synast at det var så moro å vatne, seier Gallis.

Ho fortel vidare at det har vore ein blanda gjeng frå 3., 4. og 5. klasse.

– Felles for barna er at dei har alle innvandrarbakgrunn, så det er veldig mange av dei som ikkje kjenner til typiske norske grønsaker, som reddik. Og då er det ekstra spennande å smake på noko som er rosa.

– Og så er det veldig gøy å ta med seg det vi har dyrka med heim igjen, seier Rabeea.

– Ja, og vise til foreldra våre kva vi har dyrka sjølv, legg Liana Israilov til.

Deler alt likt

Borna fordeler alt veldig rettferdig mellom seg. Dersom dei til dømes har lite jordbær, kan dei skjære jordbæra i bitar og fordele det likt på den måten.

– Og dersom vi er mange born, så kan vi ha konkurranse om for eksempel ein heil squash, fortel Idil Liiban Dahir Ali.

Borna er veldig einige om at dette er noko dei har lyst til å fortsette med framover i tid også.

– Det er skikkelig gøy, og kanskje vi kan få oss gard når vi vert eldre, seier Idil entusiastisk.

– Ja, og Helene har sagt at vi skal få lov til å fortsette med dette neste sommar også, legg Rabeea og Javeria til i kor.

Høyr reportasjen her: