Hopp til innhold

Sandra (26) blei overfalt på veg heim frå byen

Sandra Siljan Danielsen blei brutalt overfalt og slått av ein framand mann i Skien sentrum natt til laurdag. Politet har sikta ein mann, men han er sett fri.

Sandra Siljan Danielsen

Sandra Siljan Danielsen blei utsett for blind vald då ho gjekk heim frå byen natt til laurdag.

Foto: Lars Hansen / NRK

Politiet i Skien har arrestert ein 29 år gamal mann, som nå er sikta for forholdet.

Sandra Siljan Danielsen seier ho frykta for livet.

– Eg var sikker på at eg kom til å døy. Heilt sikker, seier Siljan Danielsen til NRK.no.

Livredd for å møtes igjen

Sandra Siljan Danielsen

Slik såg Sandra Siljan Danielsen ut like etter overfallet laurdag.

Foto: Privat

Operasjonsleiar ved Telemark politidistrikt, Vidar Aaltvedt, seier dei vil etterforske saka som ei valdssak.

– Natt til laurdag arresterte vi ein mann, seier Aaltvedt.

Den 29 år gamle mannen er sikta i saka.

– Han er avhøyrt av politiet og sleppt fri, seier Aaltvedt.

Siljan Danielsen seier ho synes det er forferdeleg at mannen er sett fri.

– No veit han jo namnet mitt og, og det er klart eg er livredd for å møte han igjen. Eg synest det er heilt grusomt, seier ho til NRK.no mandag føremiddag.

Tok kvelartak

Overfallet skjedde då den 26 år gamle kvinna var på veg heim frå byen natt til laurdag.

– Brått kjende eg eit slag i bakhovudet, seier ho.

Ho såg ikkje kven det var med ein gong, og datt ned på bakken.

Då sette gjerningsmannen seg oppå Sandra Siljan Danielsen og heldt fast hendene med beina.

– Han tok kvelartak på meg og heldt meg til eg nesten svima av, seier Siljan Danielsen.

Forsøkte å skilje beina

Vidar Aaltvedt

Operasjonsleiar Vidar Aaltvedt, seier politiet etterforsker saka som ei voldssak.

Foto: Kristin Rivrud / NRK

Men ho fekk lirka laus det eine beinet og fekk sparka gjerningsmannen vekk.

– Då starta han å slå meg i andletet, seier ho.

Så fekk ho slått tilbake ein gong, med det resultat at gjerningsmannen reiste seg opp og sparka Siljan Danielsen i andlet, i beina og over heile kroppen.

Til slutt var ho i ferd med å misse medvettet.

– Då forsøkte han å skilje beina mine frå kvarandre, seier ho.

Blei redda då nokon kom

Men mens dette skjer kjem det ei anna kvinne gåande, og då blir gjerningsmannen redd og spring av garde.

– Viss ikkje denne kvinna hadde kome, trur eg han hadde kome til å drepe meg, seier Siljan Danielsen.

Sandra har framleis kraftig hovudsmerter etter overfallet, og oppmodar alle jenter til å ikkje gå åleine heim frå byen.

– Eg synest det er fælt at det er blitt slik, at du ikkje kan gå åleine lenger.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark