Hopp til innhold

Nytt signalbygg på Rjukan torg

Tjue arkitektstudentar frå NTNU i Trondheim bygger ei ny storstoge i den gamle industribyen Rjukan.

Tjue arkitektstudentar bygger nytt signalbygg på torget på Rjukan. Seks studentar i Rallar arkitekter er ansvarleg for bygget som står ferdig i juni sommaren 2013.

Signalbygg på Rjukan

Det er eit nytt signalbygg som reiser seg på Rjukan torg, mens eit helikopter svever høgt oppe i fjellsida der fundamentet for den nye solspegelen blir bygt.

Les om solspegelen her: Solstråler fra oven

Nede på torget er arkitektstudentane i ferd med å bygge ein merkeleg konstruksjon, som skal bli Rjukans nye storstue, eit signalbygg i sentrum.

(Her kan du sjå biletegalleri)

Lagar noko nytt

Der blir det saga og skrudd i høgt tempo, for å bli ferdig til opninga laurdag 22. juni.

Vi ser på dette som ein arkitektonisk kommentar til det som skjer på Rjukan, seier arkitektstudent Anders Gunleiksrud frå Rjukan.

Anders Gunleiksrud, Rallar arkitekter

Anders Gunleiksrud, Rallar arkitekter.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Han meiner Rjukan er ein unik stad som får ein unik konstruksjon som er forankra i historia til industristaden, som for over hundre år sidan representerte nytenking i arkitektur og industrireising.

Denne konstruksjonen viser at her er det mogleg å tenke nytt og skape nye ting, seier Gunleiksrud.

Vekker oppsikt

Utvendig vil bygget bli kledd med ferdig tilpassa pleksiglas plater som passar inn i modulen, som er heilt gjennomsiktig slik at folk kan følgje med i det som skjer ute i 360 grader.

Modulane inne i bygget er på 40 centimeter og er perfekte å sitje på.

Det er ei gruppe på seks arkitektstudentar ved NTNU som står bak prosjektet. Dei kallar seg Rallar Arkitekter.

Vi gjekk mange rundar før vi fann ut kva vi ville bygge og kva vi skulle bruke av materiale, seier Steinar Hillersøy.

Steinar Hillersøy, Rallar arkitekter

Steinar Hillersøy, Rallar arkitekter.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Men arkitektstudentane var heile tida klare på at bygget skulle vere annleis og nytenkjande. Mange stoppar opp og ser på arbeidet. For bygget vekker oppsikt.

Mange elskar at det skjer noko. Andre skjønar ikkje at skattebetalarane skal betale for slikt, seier Hillersøy.

Men han håpar alle skal bli nøgde til slutt.

Nye utstillingar i bygget

Studentane har gjort avtale med Norsk Industriarbeider museum på Vemork og Visit Rjukan om å ha utstillingar i bygget når det står ferdig.

Laurdag den 22. juni blir det opningsfest på torget, og den lokale bakaren har lova å servere kake til to hundre personar.

– Bygget kan brukast til mykje, seier Gunleiksrud.

Det er laga for å vere eit visningsrom. Men det er også mogleg for torghandlarane til å bruke bygget.

Signalbygg Rjukan torg

Arkitektstudentar frå NTNU bygger nytt signalbygg på Rjukan torg.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark