Hopp til innhold

Fann blindpassasjerar med hund

Politiet i Telemark har tatt hand om to albanske menn som prøvde å snike seg med eit konteinerskip frå Brevik til England.

Trailer på Brevik havneterminal

To albanske menn forsøkte å snike seg med eit kontainerskip frå Brevik havn.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

Det var personale ved terminalen i Brevik havn som mistenkte at noen hadde kome seg inn på området, men eit søk etter dei moglege
gratispassasjerane var utan resultat.

Albanere gjemte seg i container

– Menneskesmuglingen er en belastning for oss

Fann mennene med hundar

Då politiet kom på plass med hundar, blei derimot dei to mennene på 31 og 25 år, spora opp og pågripne.

Dei to mennene hadde gøymt seg i ein lastecontainer.

Dei er sikta for brot på utlendingslova. Politiet skal gjere nærare undersøkingar i saka fredag.

– Derfor rømmer albanere til England

Betaler opp mot 20.000 for å bli smuglet

Politiet: – Smugler mennesker fra Brevik til England

Gøymde seg i feil kontainer

Dei to albanerne som torsdag kveld blei tatt i Brevik då dei forsøkte å kome seg ulovleg til England, hadde hamna i Belgia om dei hadde lukkast. Det har kome fram under avhøyr av dei to mennene fredag føremiddag.

- Dei hadde gøymt seg i feil container, fortel politiadvokat Odd Skei Kostveit til TA fredag.

Mennene på 31 og 25 år er sikta etter utlendingslova og båe to har fått 10.000 kroner i bot, subsidiært 20 dagar i fengsel.

Albanarane har også fått innreiseforbod til Schengen-området i to år, og vil bli transportert ut av Norge.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark