Hopp til innhold

Denne boka har han venta på i 30 år

Det har tatt over 30 år å få ferdig bokprosjektet «Vil du meg lyde». Forfattar Olav Solberg er glad han er i mål.

Olav Solberg

Forfattar Olav Solberg har samla skattar mellom to permar.

Foto: Anne Lognvik / NRK

«Vil du meg lyde» er ei bok om 450 balladesangarar som levde i Øvre Telemark på 1800-talet.

Dei store samlarane støvsuga bygdene for munnleg kjeldemateriale, men var i liten grad interesserte i livshistoria til sangarane.

Samlarane ville fyrst og fremst berge kulturskatten. Men no har altså sangarane fått sitt verk og sine historiar nedskrivne.

Aldri gjort noko liknande

Boksprosjektet er eit svensk-norsk samarbeid som var starta på 70- talet av den svenske professoren og balladeforskaren Bengt R. Jonsson. Han rakk ikkje å gjera boka ferdig før han døde, men han bad sin venn og kollega Olav Solberg ved Høgskulen i Bø om å sluttføre prosjektet.

Tre år har Olav Solberg bruka på å gjere ferdig denne mursteinen av ei bok som er på nesten 700 sider.

Veslemøy Solberg syng ei av visene her:

Video Songskatt frå Telemark

Songskatt frå Telemark (foto: Lars Tore Endresen)

Kven var balladesangarane?

Balladesangarane på 1800-talet var i stor grad fattige husmannsfolk eller legdslemer, som gjennom sangen og eventyra levde seg inn i ei anna og betre verd.

Dei beste sangarane var ruvande formidlarar som trollbatt publikum. Gjennom sangen vart dei sett og fekk ein posisjon. Mange av balladesangarane døyde som legdslemer.

– Dette var folk som måtte slite for maten, seier Olav Solberg som fortel om mange utfordringar i arbeidet med boka.

– Fordi at mange av balladesangarane ikkje var blant dei som blei sett på som samfunnsstøtter, er det mange gonger vanskeleg å finne spora i skriftelege kjelder som til dømes kyrkjebøker.

Ein annan ting er puslespelet med å finne fram til kjelder som kan gje svar.

– Ein av mine viktigaste kjelder har vore Rikard Berge sin nedteikningar, seier Solberg. Rikard Berge, som levde frå 1881 til 1969, interesserte seg for og skreiv ned mykje om ein del av sangarane i Vest-Telmark.

(Artikkelen fortsett under biletet)

"Vil du meg lyde"

Boka på nesten 700 sider tar for seg innsamling av songar og viser frå Telemark på 1800-tallet.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Dagens formidlarar

Veslemøy Solberg, dotter til Olav Solberg, er ei av dei mange som har hausta av den største sangskatten som er samla i Norden. Og ho har har sjølv bruka fleire av visene og balladane som er samla i Telemark.

Ingen andre stader i Norden er det samla så mange ballader og folkesongar som i Øvre Telemark. Balladesangarane på 1800-talet song for Sophus Bugge, Molkte Moe, Magnus B Landstad, Jørgen Moe, Olea Krøger og mange andre folkeminnesamlarar.

Etter å ha reist rundt andre stader i Noreg, konsentrerte samlarane seg om Telemark. Her var sangskatten så rik og opprinneleg at det både språkleg og sangteknisk gjekk røter tilbake til mellomalderen.

Kvifor song dei ?

Enkelte forskarar meiner at grunnen til at Øvre Telemark har hatt så rike kjelder når det gjeld folkemusikk og folkekunst, er at området har vore så isolert.

– Den teorien er eg uenig i, seier Solberg.

– Folk i Vest-Telmark blei aldri særleg rike, men både lek og lærd hadde ein trong til estetikk, til å sjå og høyre noko vakkert. Det ligg i folkesjela, og har gjort det sidan mellomalderen, avsluttar Solberg.

Frå Dalen i Telemark

Naturen på Dalen har inspirert mange.

Foto: Anne Lognvik / NRK