Hopp til innhold

- Hardangerbrua er plassert feil

Hardangerbrua er plassert feil stad, meiner Lastebileigarforbundet, og får støtte frå vegaksjonist for E134.

Hardangerbrua
Foto: Thor-Andree Halland

– Hardangerbrua er plassert feil, og blir alt for dyr å bruke for transportnæringa, seier Jan Ove Halsøy i Norges Lastebileier-Forbund til Bergens Tidene.

Brua til 2,3 milliardar kroner skal erstatte ferjesambandet over Eidfjorden mellom Bruravik og Brimnes i Hardanger, og opnar 17. august.

- Har bomma totalt

Ragnvald Christenson

Vegaksjonist Ragnvald Christenson meiner Hardangerbrua er plassert feil stad.

Foto: Ragnvald Christenson

Vegaksjonist for E134, Ragnvald Christenson i Vinje er samd med Lastebileigarforbundet i at brua er plassert feil stad.

– Det bør vere mogleg for regjering og storting å bestemme kva slags vegkorridorar som var dei beste mellom aust og vest, etter naturgjevne føresetnader. Men dei har bomma totalt med Hardangerbrua, seier Christenson.

Hengebrua står mellom Vallavik i Ulvik herad og Bu i Ullensvang herad, men Christenson meiner den heller burde vore plassert mellom Jondal og Løfallstrand, i tilknyting til Jondaltunellen.

– Då ville den kopla seg på den vegen som er kortast frå Haukelifjell, seier Christenson.

Framleis viktig

Tidlegare aksjonsleiar for Hardangerbrua, Sverre Kleivkås, vedgår at køyremønsteret har endra seg dei siste femten åra. Likevel meiner han at Hardangerbrua framleis er viktig.

– Brua skal opnast 17. august, så eg tenker at ein heller bør bruke kreftene sine på å få realisert dei gode tunnelane som skal til oppe på Haukeli, svarar Kleivkås.