Sommer OL i London 2012 - Thorir Hergeirsson ville ikkje svare på om han prioriterer keeper Kari Grimsbø i startoppstillinga til OL-semifinalen. – Eg blir overraska om han ikkje gjør det, seier handballekspert Øystein Havang. - Foto: Johansen, Erik / NTB scanpix

Thorir Hergeirsson ville ikkje svare på om han prioriterer keeper Kari Grimsbø i startoppstillinga til OL-semifinalen. – Eg blir overraska om han ikkje gjør det, seier handballekspert Øystein Havang.

Foto: Johansen, Erik / NTB scanpix

Vil ikkje love Grimsbø startplass etter ny praktoppvisning

LONDON/OSLO (NRK.no): – Kven som får starte i semifinalen er heilt opent, seier landslagssjefen etter nok eit fantominnhopp av keeper Kari Aalvik Grimsbø.

OLY-2012-HANDBALL-BRA-NOR - Landslagssjefen slepp jubelen laus etter Norges vellukka snuoperasjon mot Brasil. - Foto: JAVIER SORIANO / Afp

Landslagssjefen slepp jubelen laus etter Norges vellukka snuoperasjon mot Brasil.

Foto: JAVIER SORIANO / Afp

– Kari kjem inn, byrjar OK, og så bare stig prestasjonen. Ho står bak eit mega-godt forsvar dei siste minutta, som er ein faktor oppe i alt dette. Men prestasjonen var likevel strålande, seier Hergeirsson.

Nok ein gang blei Kari Aalvik Grimsbø vraka frå start, men kom inn, og var med på å snu kampen som sikra Norge plass i semifinalen i OL.

Etter håndballdramaet mot Brasil blei ho stempla som ein av verdas beste målvaktar av landslagssjefen.

– Redningsprosenten er strålande. Avslutningane som kjem når forsvaret står godt er riktig nok ikkje like gjennomførte, men ho har kvalitetsredningar også. Det er strålande, seier Hergeirsson.

Han siktar til at den 27 år gamle jokeren redda 64% av Brasils avslutningar i kvartfinalen.

Men sjølv om Grimsbø no har to praktinnhopp, som på mange måtar har redda Norges OL-gullhåp, vil ikkje Hergeirsson garantere henne startplass når semifinalen startar torsdag kveld.

– Kven som startar i semifinalen er heilt opent. Vi bestemmer aldri kven som startar før kampdagen, seier Hergeirsson.

(saka held fram under videoen)

Norge slo Brasil i kvartfinalen

Sjå Norge slå Brasil i OL-kvartfinalen.

Havang: – Blir overraska om Grimsbø ikkje står frå start

Sommer OL i London 2012. - INGEN STOR DAG PÅ JOBBEN: Saman med Norges forsvar sleit Katrine Lunde Haraldsen med å halde tett bakover mot Brasil i kvartfinalen. - Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

INGEN STOR DAG PÅ JOBBEN: Saman med Norges forsvar sleit Katrine Lunde Haraldsen med å halde tett bakover mot Brasil i kvartfinalen.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Landslagssjefen har allereie fått kritikk for å ikkje ha brukt Grimsbø i kampen etter det første superinnhoppet.

Keeperen blei nytta godt i gruppespeltriumfen over Sverige, men i det påfølgande møtet med Sør-Korea valde Hergeirsson å bruke Katrine Lunde Haraldsen.

Møtet enda uavgjort, 27-27, til stor skuffelse for dei norske jentene.

– Thorir gjorde ein stor feil då han valde Lunde Haraldsen framfor Grimsbø, sa NRKs håndballekspert Øystein Havang etter kampen .

Til semifinalen håpar han at Hergeirsson er meir kynisk i valet av keeper.

– I utgangspunktet bør ein starte med det laget ein har mest tru på. Det nyttar ikkje å føle seg fram i ein OL-semifinale. Eg kjenner ikkje hovudet til Kari, og kor sterk ho er, men om ho byrjar å føle seg som ein førstekeeper er det kanskje riktig å la ho starte, seier Havang.

– Blir du bekymra om han startar med Lunde Haraldsen i semifinalen?

– Eg blir overraska, men ikkje sjokkskada. Det vil nok vere litt merkeleg, med tanke på den tryggleiken Grimsbø har spreidd i laget med sitt gode spel, svarer Havang.

Kva meiner du? Bør Grimsbø få sjansen i semifinalen? Kommentér nedst i saka!

Difor valde han Lunde Haraldsen mot Brasil

I forkant av Brasil-kampen meiner Hergerisson at han var kynisk nok då han valde keeper Lunde Haraldsen, som stod i mål før kampen snudde på slutten.

– Eg var nokså klar på at ho var «der oppe» før kamp, og at ho ville svare bra på moglegheiten ho fekk.

Landslagssjefen meiner også at forsvaret leverte under pari då Lunde Haraldsen vokta buret.

– Katrine treng det forsvaret som Kari hadde. Det er ikkje sånn at Katrine skal stå når vi har dårleg forsvar, og Kari skal stå når forsvaret er godt. Vi skal gje Katrine endå betre forsvarsspel framover, seier Hergeirsson.

Saka held fram...

Sommer OL i London 2012. - VENDEPUNKTET: Katrine Lunde Haraldsen går av banen, og Kari Aalvik Grimsbø kjem inn og bidrar til å snu oppgjøret mot Brasil tysdag. - Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

VENDEPUNKTET: Katrine Lunde Haraldsen går av banen, og Kari Aalvik Grimsbø kjem inn og bidrar til å snu oppgjøret mot Brasil tysdag.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Grimsbø: – Eg veit kva eg driv med

Også Grimsbø påpeiker at forsvarsrekkas innsats, som plutseleg tok seg opp då ho kom inn, var heilt avgjørande for at 27-åringen klarte å stenge igjen buret så bra som ho gjorde.

– Å få til redningsprosent på 64 klarar eg ikkje aleine, seier Grimsbø.

Framfor semifinalen er ho stappfull av sjølvtillit, noko som på ingen måte er negativt i eit lag som har slitt i motvind gjennom heile OL.

– Eg skal ta med meg dette til semifinalen, og veit at eg har gjort ein kjempekamp no. Eg skal bare tenke at «dette kan eg. Eg veit kva eg driv med,» avsluttar Grimsbø.

Vi setter pris på at mange bidrar med meninger, erfaringer og synspunkter i kommentarfeltet. Takk for at du begrunner dine meninger og avstår fra personangrep. Innlegg som ikke følger våre regler for deltakelse kan bli slettet.