– Eg har prøvd å finne ein «Plan B» for livet, men alle planane har blitt danserelaterte.
Magnus Emaka Einang er inne i den siste tida med øving. Han blei plukka ut blant tusenvis av håpefulle, og førstkomande fredag brakar det laust.
Emaka Einang er éin av 60 profesjonelle dansarar som skal danse under opningsshowet til OL i London.
Magnus Emaka bur i London, der han driv eige dansefirma.
Foto: PrivatVeldig lita øy, veldig stor helt
I augneblinken bur 25-åringen i London, der han driv Foreign Footworks – dansestudio og hjelp til nyutdanna dansarar.
Den britiske metropolen blir ein enorm kontrast opp mot heimstaden til dansaren. Sandsøya; Heilt sør på Sunnmøre, langt ute i havgapet – ikkje langt frå vêrutsette Stadt.
Ved årsskiftet 2011/2012 viste innbyggjartalet på Sandsøya 253.
– Eg har fått fortalt at eg alltid dansa då eg var liten, kvar gong musikken var på. Og musikken var alltid på, fortel Magnus Emaka Einang – som er halvt norsk og halvt nigeriansk.
På skulen var han glad i gymfaget, og på fritida var «The King of Pop» det store idolet.
– Michael Jackson fanga meg i yngre år, både musikken og dansinga.
– Heime var det vel berre eg og ein kompis som trena på «moves» etter gymtimane på Sandsøya skule. Det var vel då eg så smått forstod at dans ikkje berre var noko eg likte, men noko eg måtte gjere, seier Emaka Einang.
Etter mange år med hardt arbeid har mange draumar gått i oppfyllelse. På bildet viser 25-åringen fram noko av det han kan.
Foto: George Jr. SamuelLang veg til London
Ein ung, danseglad gut frå Sandsøya søkte seg til danselinja i Ålesund, der han fekk profesjonell dansetrening.
– Planen var å få studiekompetanse før eg skulle få meg bachelor i dans. Eg søkte meg til Kunsthøgskulen, som då heitte Statens Balletthøgskule.
– Men eg kom ikkje inn, fortel Emaka Einang.
Dermed tok den då 18 år gamle dansaren seg eit friår, der han budde i Oslo. Han trena knallhardt, samtidig som han fekk jobbe med dans.
– Og så var eg med i TV-programmet «Dansefeber» nokre gonger.
– Eg fekk veldig mykje eksponering eine gongen, der mor mi sneik seg inn på auditionen. Eg kom meg ikkje heilt til finalen, og i ettertid fekk eg sjå meg sjølv grinande på TV, humrar han.
Etter eitt år i Oslo søkte han seg til London og London Studios Centre – og kom inn.
– Der fekk eg studere alt av dansestilar, samtidig som det var song og drama. Så eg fekk ein bachelor i danseteater.
Tidlegare i år var Emaka Einang éin av 100 dansarar i ein av årets største Bollywood-filmar. «Ek Tha Tiger» har premiere den 15. august.
Foto: Skjermdump– 14.000 menneske var latterleg mange
– Eg har vel kunna leve av dans i fem år no. Eg var 20 år då eg byrja som danselærar. Før det gjorde eg alt gratis, men mor mi har hjelpt meg til å forstå at eg ikkje kan jobbe gratis.
Mor til Magnus, Bodil, har òg vore veldig støttande når sonen skulle jage etter den store draumen.
– Ho har stått ved sidan av og sagt «gjer det du har lyst til».
Det har hjelpt på vegen fram mot ei karriere som profesjonell dansar.
Berre dei siste åra har Emaka Einang dansa som idolet Michael Jackson framsyninga «Thriller Live» på West End i London (Sjå video av framføringa her). Han har dansa i ein av bandet Coldplay sine musikkvideoar og han har starta dansefirmaet sitt.
I tillegg blei han engasjert som éin av 100 dansarar til filmen «Ek Tha Tiger». Filmen er éin av dei største Bollywood-produksjonane i 2012. No er han altså éin av 60 dansarar som skal danse under opningsshowet i London.
– Hittil i livet har eg dansa framfor 14.000 menneske på det meste. Det var latterleg mange.
– Eg klarer ikkje å forstå kor stort det blir den 27. juli. Eg klarer rett og slett ikkje å sjå for meg kor mange menneske det er snakk om, seier Emaka Einang.
Ved sidan av dansen jobbar Magnus Emaka Einang som modell.
Foto: PrivatHar litt scenenervar
For i alt 80.000 menneske kjem til å sitje på tribunane under opningsshowet. Arrangøren har i tillegg estimert at om lag fire milliardar menneske (4.000.000.000) kjem til å følgje seremonien på TV.
– Det blir ei utruleg spennande oppleving. Når ein veit kor mange menneske det er snakk om, så får ein litt scenenervar.
– Men vi skal ha ei generalprøve no snart, og då vil arrangøren fylle stadion. Då kan vi få kjenne litt på korleis opplevinga den 27. juli blir, seier Emaka Einang.
– Det blir vel litt ekstra, ekstra øving for å ikkje trakke feil?
– Det er øving kvar dag, heile dagane. No øver vi på stadion etter tre intense månader, og det er maks gir heile tida. Det er hektisk for å forsikre at alt er perfekt.
– Skal vise at dei ikkje kastar vekk tida si på meg
For jobben Magnus søkte på er ein jobb som krev perfeksjon.
Under opningsseremonien er det 60 dansarar som får betalt. I tillegg er det 1.400 frivillige som skal danse saman med dei 60. Under heile OL er det 15.000 menneske som skal framføre noko.
– Berre på min seksjon var det langt over 5.000 hip-hop-dansarar som var på audition for 60 plassar. At eg fekk éin av dei plassane ... eg føler meg utruleg heldig, seier han på telefon frå London, like etter øving.
Tidlegare i år var Magnus Emaka Einang éin av tre som fekk stipend på 100.000 kroner frå Sparebanken Møre.
Foto: Tony HallNo vil han vise seg frå si aller beste side, både for seg sjølv, for arrangør og for framtidige arbeidsgjevarar.
– Eg er uendeleg takksam for denne jobben, og eg skal vise at eg er ein plass verdig. Eg skal vise at dei ikkje kastar vekk tida si på meg.
– For denne jobben er veldig stor, og det er vel ein døropnar for tida etter OL?
– Ja, absolutt. Å få danse under OL er forbi det eg har drøymt om. Dette opnar enormt mange dører, og allereie no er eg i gong med mange nye prosjekt, fortel 25-åringen frå Sunnmøre.
På sikt vil dansaren tilbake til Noreg, der han vil undervise unge folk som vil opp og fram.
Foto: PrivatVil vidare til USA
Den 27. juli går han i elden. Etter det vil han få med seg taekwondo, BMX og sjølvsagt 100-meteren under OL.
– Eg trur vi får møte Usain Bolt, så det kan jo bli litt spennande, flirer Emaka Einang.
Etter OL har Sunnmøringen sett seg nye mål og laga nye draumar.
– Eg har mange auditionar i tida som kjem, men like etter OL blir det litt ferie. Så blir det å spare opp for å reise til USA. Eg vil oppleve USA og oppleve dansemiljøet der borte.
– Draumen er oppfylt, men USA er ein ny draum?
– Draumar er langsiktige mål for meg. Éin draum er noko er noko som held meg gåande, og det er noko å vekse på.
– Min første draum var å danse på West End i London. Når eg stod på scena der hadde draumen vakse seg til andre ting. Eg drøymte om OL, og no er draumen og målet USA.
Og for ein ung gut, som dansa etter gymtimane på onsdagar, på Sandsøya skule, har draumar gått i oppfylling.
– Reisa mot draumane er ein stor del av det heile, det skal seiast, avsluttar Magnus Emaka Einang.