Margrethe Renstrøm - SKADA: Margrethe Renstrøm pådrog seg ein skade på oppvarminga og deltek ikkje i lengde-kvalifiseringa. - Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

SKADA: Margrethe Renstrøm pådrog seg ein skade på oppvarminga og deltek ikkje i lengde-kvalifiseringa.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Skade knuste OL-draumen for Renstrøm

Lengdehoppar Margrethe Renstrøm måtte kaste inn handkleet etter oppvarminga på Olympiastadion i London.

– Eg fekk ein skade under foten i det eg gjekk tilbake frå innhopp. Kva som har skjedd veit eg ikkje, seier Renstrøm til NRK.no.

– Men eg kan nesten ikkje gå, ikkje springe og i alle fall ikkje hoppe, seier ho.

Margrethe Renstrøm - SKADA: Margrethe Renstrøm forlot Olympiastadion i London med skade. - Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

SKADA: Margrethe Renstrøm forlot Olympiastadion i London med skade.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix
– Eg prøvde

På ein pressekonferanse i London måndag sa Renstrøm at ho følte at forma er god. Ho hadde trua på både norsk rekord og finaleplass. Men no går OL-kvalifiseringa utan sørlendingen.

– Det kom heilt plutseleg. Eg har aldri opplevd liknande før. Eg hadde veldig gode innløp og alt såg ut til å stemme. Men eg kan ikkje overstyre dette. Eg prøvde, men det går ikkje, seier ho.

Dermed er OL over for bronsemedaljevinnaren i EM, før det har komme i gang.

Rift i sene

– Eg er sjølvsagt veldig skuffa. Eg skulle gjerne ha vore der ute og fighta saman med dei andre. Men det kan eg ikkje, det er såpass vondt, seier ho.

– Men eg tenker at livet går vidare. Det berre å godta at eg ikkje skal hoppe. Slik er det, seier Renstrøm.

– Eg har aldri hatt det før. Fysioterapeutane trur kanskje det kan vere ei rift i sena under foten. Så vi prøvde å tøye det ut og sjå om det berre var ei krampe eller noko slikt, men det er nok litt meir alvorleg enn det, seier ho.

Medaljekandidat?

Med full klaff kunne Renstrøm ha blanda seg inn i medaljekampen i OL. I førre VM hoppa bronsemedaljevinnaren 6,76. Under VM i 2009 var 6,80 nok til å sikre bronse. Under Diamond League-stemna har lengder mellom 6,53 og 6,78 vore nok til å sikre 3. plass.

Dette er lengder som sørlendingen har vore opp mot i konkurransar tidlegare i år, men hoppa har ikkje vore gyldige.

I tillegg har Renstrøm vore stabil opp mot sin eigen norske rekord på 6,68 gjennom sesongen. Søgne-jenta har også sjølv sagt at ho er god for 6,80 med full klaff.

Renstrøm skada på oppvarming - SKADE: Renstrøm pådrog seg ein skade i den eine foten på oppvarminga. - Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

SKADE: Renstrøm pådrog seg ein skade i den eine foten på oppvarminga.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix