• 21. oktober 1968: Eit fullsett Azteka Stadion i Mexico by og millionar av tv-sjåarar verda overgjer store augo når Dick Fosbury snur seg mot slutten av tilløpet og hoppar høgde med ryggen først. Og tar OL-gull.
  • 5. august 2012: Ingen reagerer på at alle hoppar som Dick Fosbury med ryggen mot lista. For slik har alle hoppa i 40 år.

Har du nokonsinne lurt på kvifor alle høgdehopparane snur seg ved enden av tilløpet og hoppar med ryggen først over lista? Her skal du få forklaringa.

Ein gong i tida var det hinsides det naturlege for ein høgdehoppar å snu seg mot slutten av tilløpet og hoppe over lista med ryggen først.

Men etter ein oktoberdag for 44 år sidan har det vore det mest naturlege av alt. Og årsaka til det heiter Dick Fosbury.

  • Se høydefinalen for menn fra 20.00 på NRK1

God på utdatert teknikk

Han var ein lang og hengslete ungdom i byen Portland i Oregon. Perfekt for høgdehopp, meinte trenarane. Forsburys styrke var den gamle saks-teknikken, med eine beinet først og det andre etter.

Men den teknikken var utdatert, den nye dykk-stilen var det som gjaldt – der du nærmast rulla deg sidelengs over lista. Men den fekk han ikkje til, derfor vart heller ikkje resultata meir enn middelmådige.

Trenarane jobba det dei kunne med denne kroppen som var som skapt for høgde. Men teknikken følgde ikkje med. Persen på 1,63 var over 60 centimeter under verdsrekorden. Og høgare kom han ikkje.

(Artikkelen held fram under biletet)

Valeri Brumel - Valeri Brumel var stor på 60-talet, då med dykk-stil. Han rulla seg nærmast over lista. Biletet er frå BislettNTB scanpix

Valeri Brumel var stor på 60-talet, då med dykk-stil. Han rulla seg nærmast over lista. Biletet er frå Bislett

Foto: NTB scanpix

Opp 15 cm på ein ettermiddag

- Men på ei trening oppdaga eg at eg ved å skyve hofta framover, samstundes pressa skuldrane bakover. Men bøyen på ryggen vart feil veg, så eg måtte på ein eller annan måte snu meg rundt for å utnytte den, har han fortalt seinare.

Oppdaginga førte til at han heva han persen sin med over 15 centimeter i løpet av ein ettermiddag, og det inspirerte til å eksperimentere vidare. Trenarane var skeptiske: Dette var både helsefarleg og eit treningsmessig blindspor. Dei var i ferd med å gi unge Dick opp.

Men no hadde Dick Fosbury fått blod på tann. Sjølv om framgangen ikkje var like stor, gjekk det framover likevel. Året før OL i Mexico i 1968 var han framleis berre nummer 61 på verdsstatistikken, og i uttaket nokre månader før leikane i Mexico klarte han berre så vidt å kvalifisere seg.

"The Fosbury Flop"

Han var i ferd med å bli lagt merke til på grunn av sin teknikk, ein teknikk avisene tok til å kalle ”flop”. Men ingen rekna han som medaljekandidat. OL i Mexico by i oktober 1968 var også hans aller første konkurranse utanfor USAs grenser.

Høgdekonkurransar var langdryge saker i dei dagar. Det var ingen kvalifisering, alle gjekk rett til finalen som begynte på 2 meter blank. Første rivet kom ikkje før i konkurransens 42. hopp.

Men for publikum på Azteka stadion i den meksikanske hovudstaden vart det stort. Til å begynne med lo dei av mannen med den bakvende hoppstilen, dei såg på han nærmast som ein underhaldande klovn til å begyne med. For dette var noko heilt nytt som dei fleste ikkje hadde høyrt om, og slett ikkje sett før.

- Publikum løfta og inspirerte meg

– Eg forsto raskt at det var meg dei såg på, trass i at det skjedde mykje anna på stadion også, sa Fosbury. – Det løfta meg og inspirerte meg. Eg kjende at eg stod i fokus, og eg klarte å kanalisere energien i retning av hoppet og mine arbeidsoppgåver. Det heile vart berre meir og meir intenst etter kvart som konkurransen skreid, sa han.

Publikum fekk også mykje av Dick Fosbury. Han brukte lengre tid i førebuingane til kvart hopp enn nokon annna - vogga fram og tilbake frå tå til hæl, såg ned i bakken, knytta nevane, og brukte alle dei to minutta han hadde til disposisjon.

For Dick Fosbury gjekk over eine høgda før og den andre etter. Publikum tok han slett ikkje for ein klovn lenger, her var det ein stor idrettsmann som var i sving. No var det berre Dick Fosbury som gjaldt.

"Ingen" la merke til maratonvinnaren

Stakkars Mamo Wolde, etioparen som utklassa alle i maraton, og som skulle fått publikums fulle merksemd og største hyllest då han svinga inn på stadion. Han sprang mot mål i det Fosbury stod klar til eit nytt hopp. Alle såg på Fosbury, nesten ingen brydde seg om Wolde.

Då Fosbury segla baklengs over 2,18, hadde han sikra seg medalje. Både han og dei to konkurrentane klarte 2,20 i første forsøk. Men på 2,22 gjekk russiske Valentin Gavrilov ut.

Lista var lagt på 2,24, olympisk rekord. Fosbury brukte som alltid si tilmålte tid i førebuingane til hoppet, sette fart og gjekk over – i første forsøk, som på alle dei andre høgdene. Konkurrenten og landsmannen Ed Carruthers reiv på alle sine forsøk, og då var alt avgjort.

”Klovnen” med sin baklengse og umogelege hoppstil hadde vunne.

Rømde til fjells

Fosbury kom aldri tilbake til toppen i idretten. Han likte rett og slett ikkje livet som kjendis der alle skulle ha ein bit av han heile tida. To dagar etter OL-gullet rømde han frå alt og alle saman med ein kamerat som hadde campingvogn, og reiste langt opp i de meksikanske fjella.

– Det vart for mykje. Eg var ein småbygut som hadde gjort noko langt over det eg hadde venta, og eg likte ikkje alt ståket det førte med seg, fortalde han lenge etterpå. – Eg likte å vere i sentrum ei stund, men kom raskt til eit punkt der eg ikkje ville meir.

Men om Fosbury raskt blei borte, vart stilen hans ein suksess utan sidestykke. Alle høgdehopparar på veg oppover karrieren la om til flop-stilen, og mange av dei etablerte også.

Fire år etterpå vann Sovjetunionens Juri Tarmak gull med den gamle dykkstilen, men i dei siste 40 åra er det ingen som har vore i nærleiken av ei internasjonale topplassering utan den stilen som ein hengslete ung mann frå Oregon grunnla den oktoberkvelden i Mexico.