Hopp til innhold

Utflytta nordmenn får meir trygd

Fleire tusen nordmenn i utlandet kan frå 1. juli få trygd og stønad dei tidlegare har mista når dei flytta ut av landet.

Sydenferie
Foto: Juan Medina / Scanpix/AP

Etter press frå EU endrar norske styresmakter praksisen, skriv Aftenposten.

Også stønad til barnetilsyn og utdanningsstønad kjem inn under endringane.

Gledeleg

- Det er ingen grunn til at nordmenn som flyttar til andre land, ikkje skal ha dei same rettane som om ein bur i Noreg, seier pensjonspolitisk talsmann i Arbeiderpartiet, Sverre Myrli.

Han meiner at så lenge ein beheld pensjonen ved flytting, bør ein også behalde grunn- og hjelpestønad.

Gjeld EU- land

Endringane vil om kort tid bli innlemma i EØS- avtalen, og for nordmenn vil dei gjelde berre for dei som buset seg i eit EU- land.

NAV kan ikkje seie noko om kor mange nordmenn dette vil angå, men etter det avisa får opplyst, dreier det seg om fleire tusen personar.