Rekneskapstala viser at resultatet enda på 956 millionar norske kroner, medan det i 2010 var på 1240 millionar.
Det er ein nedgang på heile 23 prosent.
Men trass i dårleg har det Sandefjord-baserte selskapet opplevd ein inntektsauke på 9 prosent i same periode.
Uro mykje av skulda
– Me har klart å auke salet innan mange viktige marknader, trass i ei rekkje uventa hendingar, opplyser konsernsjef Morten Fon på ein pressekonferanse.
Samla sett har selskapet opplevd eit godt år i Midtausten, men det er i hovudsak i Gulf-regionen. I Egypt og særleg i Libya
– Det er ein del på grunn av Libya at me ikkje har opplevd betre inntening, seier kommunikasjonsdirektør i Jotun, Fredrik Tangeraas, til NRK.no.
Selskapet stengte kontora sine i Tripoli og Benghazi i februar i fjor grunna den urolege situasjonen i landet. Dei hadde planar om å byggje ny fabrikk i landet, men dette vart utsett.
Framleis redusert aktivitet
I dag, eitt år etter, har selskapet framleis sterkt redusert aktivitet i landet.
– Korleis vurderer de framtidsutsiktene i Libya?
– Det er for tidleg å seie noko konkret om det. Planane om ny fabrikk er framleis på is.
Det har likevel vore stor aktivitet på fabrikksfronten i andre deler av verda. Selskapet bygde i 2011 ny fabrikk i Sandefjord og Malaysia, medan dei starta byggjeprosjekt i Kina, Russland og Storbritannia.