Om lag 200 permitterte ved REC-fabrikken på Herøya kom tilbake i arbeid denne veka.

Foto: NRK / NRK

Talet på permitterte går ned

Berre i løpet av denne veka kjem fleire hundre arbeidstakarar tilbake i full jobb.

Publisert

Sidan nyttår har ei rekkje arbeidstakarar for alvor fått føle finanskrisa på kroppen, men no byrjar det å lysne på arbeidsmarknaden.

- Det er veldig bra å kome i jobb, eg byrja å bli lei av å gå ledig så lenge no, fortel Frode Sulen ved smelteverket til Eramet i Sauda.

Sidan i fjor haust har han og 200 andre tilsette vore 50 prosent permitterte. I går var alle tilbake i full jobb.

Les: Trekker alle permitteringer

Gode tilbakemeldingar

Også ved REC-fabrikken på Herøya er dei permitterte tilbake i arbeid, og no blir fleire tilsett. I en periode på 16 veker har rundt 200 tilsette vore ramma av permiteringar.

REC hentar også inn arbeidarar ved fabrikkene i Narvik og Glomfjord.

Les: Tar inn igjen permitterte

Direktør for Arbeid og Aktivitet i NAV Erik Oftedal stadfestar at dei får positive signal frå heile landet.

- Vi høyrer frå våre lokale kontor at arbeidsgjevarane ser noko lysare på situasjonen enn dei gjorde tidlegare i år. Det gir eit håp om at fleire permitterte vil kome tilbake i jobb, seier han.

To forklaringar

I april var over 11000 nordmenn permitterte. I juli var tallet 9500, og alt tyder på betring også i august.

Størst betring er det i bygg og anleggsbransjen der nær halvparten av dei som i april var permitterte no er tilbake i jobb.

Administrerande direktør Ketil Lyng i Byggenæringens landsforening har to forklaringar.

- Tiltakspakka og tiltaka som der sett i verk er i ferd med å få hjelpe. Effekten kom litt seint, men den kjem no. I tillegg er aktivitetsnivået normalt mykje høgare om våren og sommaren enn i vinterhalvåret, seier han.

Les også: Ekornes over kneika