Hopp til innhold

Norges største bedrifter vil nedbemanne

Fram mot jul vil fleire norske storbedrifter få færre tilsette enn no, og aller verst vil det vere i transportsektoren. Bemanningsselskapet Manpower er spente på om småbedriftene vil følge etter.

25271888

Fleire av dei største bedriftene i Noreg ventar nedgang i tal på tilsette i tida som kjem.

Foto: Jan Haas / NTB scanpix

Maalfrid Brath Manpower

Maalfrid Brath, konsernsjef i Manpower, er spent på om mindre bedrifter vil følge dei store og nedbemmane.

Foto: Kim Jansson / NRK

– Dei største pessimistane er dei store bedriftene.

Det seier Maalfrid Brath. Ho er konsernsjef i Manpower som sidan 2003 har gjennomført intervju med norske selskap av ulik storleik, og høyrt om dei planlegg å tilsette færre eller fleire i månadane som kjem.

Den nyaste undersøkinga som vert offentleggjort i dag syner altså at forventingane er særskild nøkterne hos dei store aktørane i arbeidsmarknaden.

Ventar åtte prosent nedgang hos store bedrifter

For siste kvartal i 2014 ventar arbeidsgivarane i store selskap eit redusert behov for arbeidskraft på åtte prosent. Om ein ser bort frå selskapets storleik er det derimot venta ei tilsettingsauke på fem prosent. Dette er uansett mindre vekst enn det brukar å vere.

– Det er veldig tydeleg at det er dei største verksemdene som skal nedbemanne. Det er faktisk fleire store bedrifter som seier dei vil nedbemmane dei kommande åra, seier Brath.

Brath er spent på å sjå om dei store bedriftene kjem til å påverke dei mindre, slik at bemanninga går ned også i dei mindre bedriftene.

– Det begynner ofte hos dei store bedriftene, og det er første gong me ser såpass negativ utvikling hos store bedrifter. Det er no ein av fem store bedrifter som seier at dei skal nedbemmane, seier Brath.

Auke i bygg- og anleggsnæringa

Petter Kveil

Det går bra for Stenseth & RS for tida, der Petter Kveil er dagleg leiar.

Foto: Stenseth & RS

Manpower sine tal syner særskild nedgang i transportsektoren, der det er venta ei negativ utvikling på fire prosent. I bygg og anleggsbransjen går det derimot betre, med ei venta auke på tal tilsette på 12 prosent. Også innan olje- og energisektoren er det venta stor framgang.

– Me ser at bustadbygginga byrjar å ta seg opp. Og det har kome positive signal i forhold til bustadprisutvikling. Det kan gi utslag. I tillegg er det stor aktivitet innan anleggssektoren, seier Brath.

Ei av bedriftene som har merka at anleggsbransjen er i oppoverbakke er Stenseth & RS.

– I år har me auka bemanninga med rundt 15 mann, og me må framleis tilsette fleire fram mot nyttår, seier dagleg leiar Petter Kveil.

Firmaet hadde ein dårleg start på året, men no har situasjonen snudd heilt, og dei opplever å måtte takke nei til prosjekt som har oppstart før jul.

– Det er lenge sidan me har gjort det. Det er komfortabelt, men likevel ikkje bra i forhold til mange av dei kundane som er avhengige av dei tenestene me utfører for dei. At dei må gå til andre aktørar er ikkje bra, smiler Kveil.

Press frå utlandet

Når det gjeld dei større bedriftene så trur Brath i Manpower at det er auka press frå utlandet som er årsaka til at bedriftene planlegg å tilsette færre no.

– Det er store krav til effektivitet og kostnadsfokus i Noreg, samanlikna med utlandet.

Brath får støtte frå kommunikasjonsdirektør Bjørg Sandal oljeserviceselskapet Aibel, som har hovudkvarter i Stavanger.

Bjørg Sandal, Aibel

Bjørg Sandal er kommunikasjonsdirektør i Aibel, som nyleg har vedteke å seie opp 250 av sine tilsette.

Foto: Aibel

– Marknadssituasjonen er utfordrande, og det gjer til at me ser ei justering av oppdragsmengda, seier Sandal.

Firmaet har 6000 tilsette, men måtte nyleg vedta å seie opp 250 tilsette.

– I forhold til bemanning, så har me ikkje nok arbeid til å kunne sysselsette alle våre medarbeidarar, og det fører diverre til at me må redusere tal på medarbeidarar i vår bedrift, seier Sandal.

AKTUELT NÅ