Hopp til innhold

Rekordhøg arbeidsløyse i Europa

Arbeidsløysa i eurosona steig til rekordhøge 12 prosent i februar, viser nye tal. Nesten seks av ti grekarar under 25 år er no utan arbeid.

Ledighetskø i Portugal

Jobbsøkjande står i kø utanfor eit arbeidskontor i Portugal. Den sørlege delen av Europa står for den mest dramatiske auken i arbeidsløyse.

Foto: RAFAEL MARCHANTE / Reuters

Minst 33.000 nye personar registrerte seg som utan arbeid mellom januar og februar i dei 17 landa i eurosona, viser tala som vart lagt fram tysdag.

I alt er det no i overkant av 19 millionar arbeidslause i eurosona, 1,8 fleire enn for eitt år sidan.

Over 26 prosent i Hellas og Spania

I heile EU står 26,3 millionar menneske utan arbeid, noko som svarar til 10,9 prosent av arbeidsstokken. Hellas og Spania er landa med flest arbeidslause. Spania har den kraftigaste framgongen frå februar i fjor, frå 23,9 prosent til 26,3 prosent. Det er ei auke på 2,4 prosentpoeng. Hellas har også ein arbeidsløyse på over 26 prosent.

Både Spania og Hellas har hatt valdelege opptøyar grunna den økonomiske nedturen, og Hellas har opplevd ein dramatisk auke i sjølvmord i 2010 og 2011.

Dei beste jobbtala i Europa finn ein i Luxembourg, Tyskland, Austerrike og i Nederland. Tyskland har ein arbeidsløyse på berre 5,4 prosent.

Sverige på botn i Norden

Arbeidsløysa blant ungdom er kome opp i skyhøge 23,9 prosent. I Hellas står no heile 58,4 prosent av ungdommane utan arbeid. Spania ligg ikkje langt unna, med 55,4 prosent.

Blant dei nordiske landa skil Sverige seg kraftig ut med 24,5 prosent arbeidsløyse blant ungdom. Danmark og Finland har begge ei arbeidsløyse blant ungdom på under 20 prosent.

Økonomien i eurosona har krympa i fem kvartal på rad, og trenden er venta å halde fram dei neste månadene i år, viser ein undersøking gjort av Bloomberg. Den europeiske sentralbanken ventar at økonomien vil krympe med 0,5 prosent i løpet av 2013.

Euroen har krympa både mot norske kroner og amerikanske dollar etter at tala vart lagt fram.