Det går fram i ei børsmelding frå verdas største riggselskap, Seadrill, skriv NA24.
Ifølgje meldinga sel det Kypros-baserte selskapet Hemen Holdning 24 millionar aksjar i Seadrill. Fredriksen skal vere den reelle eigaren i dette selskapet.
«Hovudårsaka for salet er at Fredriksen-gruppa vil ei noko meir diversitfisert portefølje. Transaksjonen frigjer også likviditet for å aggressivt gå etter investeringsmoglegheiter i dagens overforsynte marknad i råvareshipping», kjem det fram i meldinga.
Framleis største eigar
Trass i gigantsalet på 5,6 milliardar kroner er Hemen Holdning framleis den største eigaren i Seadrill. Dei har no gått inn på ei avtale om å ikkje selje fleire aksjar på eitt år.
I børsmeldinga kjem det fram at Hemen eig for augneblinken 28 prosent av Seadrill. Heile investeringa skal vere verdt over 30 milliardar dollar. Etter salet vil dei eige 23 prosent av Seadrill. Det betyr at Fredriksen framleis vil vere den klart største aksjonæren i selskapet.
Skipsreiaren melde i 2006 flytting til Kypros, og ar budstadsadresse i Storbritannia. Han ville vore den klart rikaste nordmannen hadde han budd i Noreg.