Hopp til innhold

EUs krisefond nedgradert

Kredittvurderingsbyrået Standard and Poor's har nedgradert EUs krisefond EFSF frå toppkarakteren AAA til AA+.

Standard and Poor's kontorer i New York

Standard and Poor's har nedgradert EUs krisefond EFSF.

Foto: BRENDAN MCDERMID / Reuters

Dette er direkte følgje av det Standard and Poor's før helga nedgraderte Frankrike og Austerrike frå AAA, sidan begge dei to landa er viktige bidragsytarar til EUs krisefond. Byrået seier likevel at dei vil oppjustere krisefondet til trippel A igjen så snart dei har fått tilfredsstillande garantiar.

Sjefen i Den europeiske sentralbanken ECB, Mario Draghi, seier at dette betyr at krisefondet må ha inn meir pengar frå medlemslanda.

Dyrare lån

Professor Halvor Mehlum

Professor Halvor Mehlum trur ikkje nedgraderinga vil bety så mykje.

Foto: Universitetet i Oslo

Nedgraderinga vil truleg betyr at det blir dyrare å låne pengar for EFSF, som har som føremål å gi økonomisk naudhjelp til land som får problem med for høg statsgjeld.

I tillegg til Frankrike og Austerrike fekk også sju andre europeiske land nedgradert kredittvurderinga før helga.

Økonomiprofessor Halvor Mehlum seier til NTB at effekten frå nedgraderingane vil bli avgrensa. Han trur i staden at det er arbeidsløyse og låg økonomisk vekst so vil gjere det vanskeleg å løyse den økonomiske krisa i Europa på lang sikt.

LES OGSÅ: Ingen konkrete løfter fra Jens

LES OGSÅ: Hellas klarer seg til jul

– Ser stygt ut

Nicolas Sarkozy Eurokrise

- Vi treng økonomisk vekst, seier Frankrikes president Nicolas Sarkozy.

Foto: Jan-Paul Pelissier / Ap

– Det går litt opp og ned, men den langsiktige trenden er veldig stygg, seier Mehlum.

Frankrikes president Nicolas Sarkozy gjorde i dag eit forsøk på å dempe frykta for den økonomiske krisa saman med Spanias nye konservative statsministeren Mariano Rajoy. Også Spania vart nedvurdert fredag.

– Vi må redusere underskotet, vi må redusere utgiftene og industrien vår må bli meir konkurransedyktig slik at vi igjen kan få økonomisk vekst, sa Sarkozy blant anna. Han fekk varm støtte frå Rajoy, som understreka at det var viktig at kvart enkelt land følgde sin eigen veg.

LES OGSÅ: OECD spår enda verre krise i Europa

LES OGSÅ: Spansk rente stiger tross valget

– Ingen truverdig plan

Halvor Mehlum synest det er bra at Sarkozy og hans tyske kollega Angela Merkel har byrja å snakke om kor viktig det er med økonomisk vekst, men han har hittil ikkje sett nokon truverdig plan for korleis dei grunnleggjande problema i dei europeiske økonomiane skal løysast.

Mehlum tolkar dette som at dei ikkje har gode idear.

Sjefen i Den europeiske sentralbanken ECB, Mario Draghi, sa tidlegare i dag at krisa i eurosona har blitt verre dei siste månadene, og han karakteriserte situasjonen i dag som «svært alvorleg».

LES OGSÅ: Stille på børsen etter storstilt nedgradering