Norske bønder jublar over samanbrotet i forhandlingane i Verdas Handelsorganisasjon i går kveld.
LES: WTO-samtalene brøt sammen
Det betyr at Noreg kan halde tollavgiftene på utanlandske matvarer på dagens nivå , og fortsetje med subsidiar til landbruket.
Dårlegare utval
Forbrukarane går derimot glipp av priskutt på ein del matvarer, for no avlyser handelsnæringa priskuttet for fleire matvarer.
Jarle Hammerstad i Handels- og Servicenæringas Hovudorganisasjon er skuffa over resultatet i Genève.
Jarle Hammerstad i HSH seier at forbrukarane går klipp av billegare mat og større utval.
Foto: Arild Sandsvik / NRK- Med tollreduksjon kunne vi sett prisnedgang på ganske mange varer. Enkelte fjørfeprodukt har så mykje som 500 prosent toll, og då ville ein reduksjon frå for eksempel 500 til 100 prosent få stor betyding, seier han til NRK.
Hammerstad meiner at utvalet i butikkane også hadde blitt større dersom WTO hadde kome fram til ei avtale.
- Vi ser for oss at det ville bli eit større utval av varer ved mindre tollbarrierar, seier han.
Skuffa Støre
Ingen kan seie sikkert kor store prisreduksjonar ei avtale hadde ført til, sidan det ville vore mogleg for Noreg å beskytte delar av landbruket med høge tollsatsar på enkelte varer.
Utanriksminister Jonas Gahr Støre (Ap) var ein skuffa mann etter ni intense forhandlingsdagar tysdag kveld.
– Eg er skuffa fordi det var få uteståande tema og lite som skulle til, seier Støre til NTB.
- Negativt for verda
Utanriksministeren meiner at framtida til norsk landbruk ville vore tryggare dersom ein hadde fått på plass ei avtale.
Jonas Gahr Støre var svært skuffa då WTO-forhandlingane i Genève braut saman tysdag kveld.
Foto: Trygve Mellvang-Berg / SCANPIXHan meiner samtidig at samanbrotet i Genève er negativt for verda, med tanke på komande globale utfordringar.
– Tenk deg klimaforhandlingane som vi må møte. Der må fattige og rike land ta ulike belastningar. Dette var ein generalprøve for det, og vi klarte det ikkje, seier Støre.
– Den avtala vi hadde innan rekkjevidde, hadde gitt oss god tryggleik og rom til å satse nasjonalt på omstilling. Då hadde vi hatt ei sikrare framtid, enn den vi har utan ei avtale, seier Støre.
Provosert over motstanden
Leiaren for næringskomiteen på Stortinget, Ola Borten Moe (Sp), meiner det er hol i hovudet å gå imot ei ny WTO-avtale.
Ola Borten Moe er provosert over dei som går mot ei ny avtale i WTO.
Foto: Åserud, Lise / SCANPIX– Det ser ut som om nokre gløymer at WTO er den einaste store internasjonale handelsavtala som er til hjelp for både små og store land, seier han til Nationen.
Han nemner laksestrida med EU som eit eksempel på at WTO kan avgjere saker til fordel for Noreg.
Borten Moe meiner det er feil å gje Senterpartiet skulda for at ikkje alt skjer på premissane til Noreg innanfor WTO. Han seier det er naturleg for partiet å søkje makt ved å vere der avgjerdene blir tekne i staden for å stille seg utanfor.
(NRK/NTB)