I dag gjekk EU-kommissær for forbrukar- og helsespørsmål, John Dalli av fordi han har hatt kontakt med ein
. Denne forretningsmannen tok kontakt med med eit tilbod om å påverke utfallet av behandlinga av forbodet mot eksport av snus.John Dalli leidde arbeidet med lover og reguleringar for tobakksprodukt, blant anna forbodet mot eksport av snus.
– Snusforbodet til sals
– Vi fekk eit tilbod. Vi opplevde tilbodet som om at snusforbodet faktisk var til sals. Vi oppfatta også at tilbodet vi fekk frå den maltesiske forretningsmannen var truverdig, og at det hadde koplingar til den politiske leiinga i EU, seier Patrik Hildingsson til NRK.no.
Han fortel at leiinga i Swedish Match aldri var i tvil om å seie nei til tilbodet. Dei rapporterte det til EU-kommisjonen, og Hildingsson opplyser at dei har samarbeidd med EU-kommisjonen sidan i vår.
Han vil ikkje opplyse om summen forretningsmannen bad om frå selskapet, men fortel at kontakten skjedde for i underkant av eitt år sidan. Forretningsmannen frå Malta det er snakk var heilt ukjend for Swedish Match. Hildingsson kjenner ikkje til om også andre fabrikantar av tobakksprodukt har fått same tilbodet.
Etterforska av OLAF
Etter at Swedish Match varsla EU-kommisjonen vart saka overført til EUs korrupsjonsjegerar i OLAF, som på fransk har namnet Office de Lutte Anti-Fraude.
Så har ikkje Swedish Match høyrt noko på ei stund, før
frå EU om at Dalli var gått av, kom i dag.EU-kommisjonen legg i haust fram eit forslag om eit nytt tobakksdirektiv som kan gi eit forbod mot smakstilsetjingar i tobakk, noko som også gjeld svensk snus.
Etterforskinga til OLAF kunne ikkje direkte påvise at EU-kommissær John Dalli var direkte innblanda i saka, men OLAF har konkludert med at han kjende til saka. Dalli valde å gå av eit forsøk på å forsvare sitt og kommisjonen sitt rykte, går det fram av fråsegna frå EU-kommisjonen.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Etterforsking på Malta
Korrupsjonsgranskinga blir no send over til påtalemakta på Malta, og dei vil avgjere kva konsekvensar denne saka kan få for både John Dalli og den ikkje namngitte forretningsmannen.
Patrik HIldingsson i Swdish Match seier at det ville ha betydd mykje for selskapet om eksportforbodet mot snus vart oppheva.
– Vi er medlem i EU, som er ein marknad. Marknaden er open for alle tobakksprodukt, bortsett frå svensk snus. Det er klart at vi gjerne vil vere ein del av heimemarknaden, seier han.
Men han gjer det heilt klart at det likevel aldri ville ha vore aktuelt å prøve å oppnå dette ved hjelp av korrupsjon.
LES OGSÅ: