Hopp til innhold

Israel trefte mål i Syria

For andre dag på rad har Israel skote mot mål i Syria, som svar på syriske rakettar mot Golanhøgdene. I dag trefte Israel det dei sikta på, ifølgje den israelske hæren.

Israel Syria

Israelske stridsvogner har utsyn mot den syriske landsbyen Bariqa, måndag 12. november. Israel har svart på eld frå syrisk side, og treft mål i Syria.

Foto: Ariel Schalit / Ap

Israel har i dag svart på rakettangrep frå Syria og treft mål, seier den israelske hæren.

I går skaut Israel varselskot mot Syria etter at ein granat nesten trefte ein militærpost på dei Israel-kontrollerte Golanhøgdene.

I dag vart den same militærposten råka, og denne gongen svarte Israel med å skyte for å treffe målet, noko dei lukkast med.

Trefte bombekastarlag

NRK har vore i kontakt med den israelske hæren, og ifølgje dei skal israelsk eld ha treft eit bombekastarlag som var ansvarlege for åtaket mot militærposten.

Mange av israelarane spør seg om kvifor dette skjer akkurat no.

Hæren seier at dei ikkje veit om syrarane har fått ordre frå Damaskus om å skyte, eller om dette er individuelle initiativ frå dei militære einingane i området.

(Saka held fram)

Israel Syria

Syriske rakettar trefte også den syriske landsbyen Bariqa 12. november 2012.

Foto: Ariel Schalit / Ap

Opptrapping

I alle høve er det ei opptrapping av konflikten, og gjer at forholdet mellom Israel og Syria er forverra, sidan det er andre gongen på to dagar det er eldutveksling.

Israel og Syria er teknisk sett framleis i krig, og israelarane har tidlegare sagt at dei kjem til å svare på eld over grensa.

11. november 2012 var fyrste gong sidan 1973 at Israel skaut mot Syria.

Golanhøgdene er eit strategisk viktig område som grensar mot Israel, Libanon og Jordan.

Israel har hatt busetjingar i området sidan Seksdagarskrigen i 1967, og vedtok å annektere området i 1981. Annekteringa er ikkje blitt godkjend av verdssamfunnet.

(Saka held fram)

Israel syria golan

Ei israelsk stridsvogn blir omplassert i Alonei Habashan på Golanhøgdene 11. november 2012. Dagen etter brukte Israel stridsvogner til å skyte mot mål i Syria.

Foto: JALAA MAREY / Afp

Ber partane tenkje seg om

Dei siste dagars hendingar har gitt FN meir bekymringar om at borgarkrigen i Syria skal spreie seg til landa rundt.

Israel fyrte av rakettane mot Syria berre timar etter at generalsekretæren i FN, Ban Ki-moon, bad alle partar om å beherske seg.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt