Hopp til innhold

Libyas nasjonalforsamling omringa av tidlegare opprørarar

Kring 100 tidlegare opprørssoldatar omringar den libyske nasjonalforsamlinga med mellom anna artilleri. Dei meiner folk med band til Gaddafi-regimet er komne til makta.

Libya

Menn frå tidlegare opprørsgrupper i Lybia har omringa nasjonalforsamlinga i protest mot den nye regjeringa i landet.

Foto: Gaia Anderson / Ap

Nær 100 opprørssoldatar frå kampen mot Muammar Gaddafi omringar den libyske nasjonalforsamlinga i protest mot den nye regjeringa i landet.

Protestane begynte tysdag. Då vart nasjonalforsamlinga tvinga til å avlyse eit pågåande møte der dei skulle godkjenne ei ny regjering.

Onsdag møttest nasjonalforsamlinga igjen, då politiet skaut i lufta og dreiv demonstrantane vekk, og fekk godkjent ei regjering leia av Ali Zeidan.

Torsdag hadde demonstrantane omringa bygningen på nytt.

– Okkupert

– Omfanget av det som går føre seg er svært alvorleg, seier Othman Ben Sassi, ein representant for nasjonalforsamlinga, til AFP.

Han seier at både bygningen til nasjonalforsamlinga og andre offentlege bygningar er okkuperte.

Trafikken på gatene til nasjonalforsamlinga og luksushotellet Rixos er blokkert av kring ti større køyretøy med påmonterte skytevåpen, melder ein journalist frå AFP.

– Restar av regimet

Demonstrantane meiner folk med band til Gaddafi-regimet er kome med i den nye regjeringa.

– Me demonstrerer mot nasjonalforsamlinga og regjeringa dei har valt fordi den består av medlemmer av regimet til Muammar Gaddafi, seier ein av demonstrantane, Abdel Jalil Maziq frå byen Misrata.

– Verda hjelpte oss med å styrte tyrannen, men no står me att med restane av regimet hans, seier han.

Ministrane for helse, utanriks, internasjonalt samarbeid, høgare utdanning og religion er dei som har utløyst mest kontrovers, fortel aktivisten Abdelmenam al-Hor.

– Desse fem er dei mest problematiske, seier han, og legg til at dei var med på å halde oppe regimet til Gaddafi og difor bør fjernast.

Andre kjelder seier at totalt ni av dei i alt 30 ministerpostane i den nye regjeringa er omdiskuterte.

Vil ha opprørarar i regjeringa

Fleire av demonstrantane rundt nasjonalforsamlinga klagar på at det ikkje er nokon tidlegare opprørarar med i regjeringa, og at dei ikkje har fått løn.

– Det er fleire månader sidan eg fekk løn. Desse folka stel pengane våre, sa ein kommandør av ei brigade frå Misrata, som ville vere anonym.

Demonstrasjonane frå tidlegare opprørarar, som formelt skulle vere under staten sin kontroll, kan tyde på at overgangen til demokrati i Libya er ein skjør prosess, eit år etter at Gaddafi var fjerna frå makta.

SISTE NYTT

Siste nytt