Hopp til innhold

Pussy Riot sendt til fangeleir

Russiske styresmakter har sendt to av medlemane i jentebandet Pussy Riot til ein fangeleir for kvinner, som er kjent for svært tøffe forhold.

Russia Penal Colony For Pussy Riot

TØFFE TILHØVE: Dei to Pussy Riot-medlemane er dømt til to år i ein tøff fangeleir på grunn av det politiske stuntet sitt.

Foto: Yuri Tutov / Ap

To av dei tre medlemane i jentebandet Pussy Riot er dømt til to år i ein russisk fangeleir, til eit tilvære som mildt sagt høyrest ugjestmildt ut.

Langt unna familien

Pussy Riot i glassburet i rettssalen i Moskva

TO AV TRE: Maria Alyokhina og Nadezhda må sone to år i fangeleir, medan Jekaterina Samutsevitsj fekk omgjort dommen til betinga fengsel. Her er alle tre i eit glasbur under rettssaka i Moskva.

Foto: MAXIM SHEMETOV / Reuters

Dei tre blei dømt i august for å ha forstyrra ro og orden motivert av religiøst hat, etter å ha kuppa ei gudsteneste i Moskva og sunge nedsetjande om president Vladimir Putin.

BAKGRUNN: Pussy Riot får to års fengsel

Dommaren gjorde om dommen mot det tredje medlemet, Jekaterina Samutsevitsj til betinga fengsel, fordi ho blei kasta ut av kyrkja før framføringa starta.

Maria Alyokhina og Nadezhda Tolokonnikova må sone ferdig i eit berykta fengsel langt frå Moskva.

Ifølgje nyheitsbyrået Ap er desse fengslane og fangeleirane berykta for svært tøffe forhold.

Hardt arbeid og lite privatliv

Demonstrasjon mot Pussy Riot-dommen

DEMONSTRASJON: Då Pussy Riot blei dømt til to års fengsel braut det ut demonstrasjonar både i russland og i andre land.

Foto: WOJTEK RADWANSKI / Afp

På grunn av avstanden til Moskav er det vanskeleg for kvinnene å få besøk frå familiane sine, og ifølgje tidlegare innsette er tilhøva i fangeleirane vanskelege.

Kvinnene bur i brakker med 30 til 40 på kvart rom. Dei startar dagen med å spade utandørs ved daggry, i temperaturar så låge som minus 30 grader Celcius.

Det forklarte nyheitsbyrået Ap i framkant av anken til kvinnene den 14. oktober. Anken blei avvist, og dei to blei sendt til fangeleiren på laurdag, ifølgje advokaten deira.

NRK YTRING: Tenk at det kan nytte med en sang

Den typiske dagen vidare for dei to russiske punkarane i dei komande to åra, går ut på å stille opp til ei massiv oppteljing, ein dårleg frukost, og sju til åtte timar med arbeid, som kan vere å sy uniformer og andre klesplagg.

– Ikkje stol på nokon

Ein advokat som sona tre år i ein fangeleir, Svetlana Bakhmina, seier at dei to bandmedlemane bør lære seg reglane innanfor murane dersom dei ønskjer å overleve.

– Alle kan reglane. Ikkje stol på nokon, ikkje frykt noko og aldri tilgi, seier Bakhmina til nyheitsbyrået Ap.

Pussy Riot får Yoko Onos fredspris

FREDSPRIS: Mannen til Nadezhda Tolokonnikova her saman med dattera Gera, tok imot Yoko Ono sin fredspris på vegne av Pussy Riot 21. september.

Foto: LUCAS JACKSON / Reuters

– Du er i ingenmannsland. Ingen hjelper deg. Du må tenke på alt du seier og gjer for å halde deg menneskeleg, held ho fram.

Fangane kan bli straffa med opp til 15 dagar i isolat for små brotsverk, som til dømes å ikkje reie opp senga eller å halde hendene bak ryggen under oppteljing.

Fryktar kva som kan skje

Ifølgje ein menneskerettsorganisasjon som jobbar for å betre fengselstilhøve, Public Monitoring Commission, er den største trugselen dei to kvinnene kan stå overfor, medfangane.

Sjølv om fysisk vald er relativt sjeldan i kvinnefengsel, fins det ei overveldande fare for psykisk terror.

– Å ha ei stor gruppe kvinner samla på denne måten er oppskrifta på konfliktar. Du kan bli banka opp, seksuelt audmjuka, eller tvinga til å vere elskaren til nokon, særskilt dersom du er ung, seier leiaren av organisasjonen Vitaly Borshcyov.

Får støtte

Pussy Riot har hausta massiv støtte frå fleire kantar, og vore gjenstand for stor debatt om president Putin sitt jerngrep over politiske motstandarar.

Blant dei som har gitt si støtte til dei tre kvinnene, er Madonna, Paul McCartney, Myanmars demokratileiar Aung San Suu Kyi og tidlegare sovjetleiar og nobelprisvinnar Mikhail Gorbatsjov.

SISTE NYTT

Siste nytt