Hopp til innhold

Myanmar vil grave opp krigsskattar

Myanmar og Storbritannia har signert ein avtale om å grave opp 60 Spitfire-fly som britiske soldatar grov ned for 70 år sidan.

Myanmar Britain Spitfires

Over 60 historiske kampfly av typen Supermarine Spitfire skal vere funne i Myanmar.

Foto: Ap

Avtalen vart gjort då statsminister David Cameron besøkte Myanmar tidlegare i år.

Det er entusiasten David J. Cundall som oppdaga skattane frå andre verdskrigen. Han reiste til og frå Myanmar i 16 år og brukte alle pengane han hadde i leitinga etter krigsskatten.

Han fekk løn for strevet då han fann det som truleg er over 60 kampfly av typen Supermarine Spitfire. Ein flymodell som vart berømt for å forsvare London under Blitzen.

Les om Supermarine Spitfire her.

Les om Blitzen her.

Britain's Prime Minister David Cameron

David Cameron i samtale med Aung San Suu Kyi. Den britiske statsministeren skal også ha avtalt utgraving av 60 britiske kampfly frå andre verdskrigen under besøket sitt.

Foto: POOL / Reuters

Flya vart grave ned for å hindre at dei kom i japanarane sine hender då britiske soldatar måtte flykte Myanmar, som då var den britiske kolonien Burma.

I perfekt stand

Cundall sin lokale samarbeidspartnar, Htoo Htoo Zaw, seier til New York Times han håpar flya vil bli vist fram til flyentusiastar verda over.

– Dette vil bli verdas største flåte med Spitfires, og dei er i svært god stand. seier han.

Dei historiske kampflya vart pakka i kasser for over 70 år sidan, og skal vere i nærast perfekt stand. Utgravinga er venta å byrje i slutten av oktober.

Den Britiske ambassaden i Myanmar ser på prosjektet som ein sjanse til konstruktivt samarbeid med dei nye reformvennlege styresmaktene i Myanmar.

– Vi håpar mange av desse historiske kampflya vil bli å sjå på himmelen over dei britiske øyane, og at nokon blir å sjå i Burma, sa ein ambassadetalsmann som for anledninga brukte det gamle namnet på Myanmar.

Myanmar opnar opp

Myanmarske styremakter har liberalisert sin tidlegare so undertrykkjande politikk, og reparert forholdet sitt til vestlege land. Til gjengjeld er sanksjonane mot Myanmar oppheva og investorar og næringsliv strøymer no til det tidlegare so isolerte landet i Sør-Aust Asia.

Transportminister Myanmar Ahlin seier at «Spitfire-avtalen» med Storbritannia er eit sjumilssteg for å styrke forholdet til Storbritannia og ei anerkjenning av dei demokratiske reformene til president Thein Sein.

Nokre gamle fly frå andre verdskrigen styrkar dermed demokratikampen i tidlegare so isolerte Myanmar.

SISTE NYTT

Siste nytt