Hopp til innhold

Demonstrerer mot Angela Merkel

Politi brukte tåregass mot dei rundt 50.000 demonstrantane i Atens gater under Angela Merkels besøk. Rundt 50 personar skal vere arrestert.

Demonstrerer mot Tysklands Angela Merkel

I NAZIKOSTYME: Over 20 000 menneske er samla i Atens gater for å demonstrere mot den politikken Angela Merkel står for. Desse har valt å vise sin avsky i nazi-kostyme.

Foto: YANNIS BEHRAKIS / Reuters

Demonstrantar har kasta stein og andre gjenstandar mot dei store politistyrkane i Atens gater i dag. Politiet svarar med å jage og spreie demonstrantane, og skyte tåregassgranatar mot dei.

6.500 politifolk var tilkalla for å stagge demonstrantane. Nyheitsbyrået AP skriv at rundt 50 personar er arrestert.

Røyk frå både brannbomber og tåregassgranatar spreier seg fleire stader i Aten. Mellom anna ved den berømte Syntagma-plassen midt i byen.

Sinte folkemengder går til åtak med tunge gjenstandar. Både kumlokk, murstein, skilt og jernstenger vert kasta mot politifolk. Dei fleste av demonstrantane som står fremst er maskerte. Bak desse fylgjer mange fotografar som dokumenterer det som skjer.

Både politiet og demonstrantar har teke posisjon mange stader i byen, og det kjem fleire og fleire menneske til byen for å protestere mot regjeringas økonomiske politikk. Det er svært spent i den greske hovudstaden i samband med Angela Merkels besøk.

– Me vil ikkje ha henne her. Dra heim, Merkel, utbryt Maria Dimitrou til Reuters.

Ho er 40 år gamal, utan jobb, og har reist til hovudstaden Aten for å vise sin avsky mot ein politikk som ho meiner øydelegg Hellas.

– Dei har gjort liva våre til eit helvete, seier Dimitriou, og siktar til den økonomiske politikken drive fram av den nye regjeringa og EU.

Politiet er òg på plass, og allereie har det vore små trefningar mellom dei og demonstrantar. Styresmaktene bestemte òg at folkesamlingar er forbode fleire stader i byen så lenge Merkel er på besøk.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Demonstrasjonar i Aten

MANGE ARRESTERTE: Allereie før Angela Merkel var på gresk jord var mange demonstrantar pågripne av gresk politi.

Foto: ARIS MESSINIS / Afp

EU treng lovnader

Forbundskanslaren er på offisielt besøk til Hellas for å diskutere den økonomiske krisa i landet. Ho og statsminister Antonis Samaras er i møter for å finne ein sams veg vidare. EU treng lovnader frå den greske regjeringa før dei gjev fleire redningspakkar til landet.

På ein pressekonferanse etter møtet med Samaras hylla Merkel reformene til den greske regjeringa. Ho seier at ein «tøff veg» er det rette, og vil vere verdt det til slutt.

– Dette er ein innsats som bør haldas fram, for om ikkje vil det bli mykje meir dramatisk seinare, sa Merkel.

Men svært mange grekarar er skuffa over den politikken som deira eigen regjering fører. Dei meiner dei strame budsjetta og kraftige sparetiltaka berre går utover den vanlege kvinne og mann i Hellas.

– Me har born som går svoltne, og mange foreldre er utan arbeid, seier ei av dei som deltek i demonstrasjonane.