Hopp til innhold

Sjølvmordsåtak drap titals i Syria – NATO oppmodar til våpenkvile

Minst to sjølvmordsbombarar slo til nær Syrias hovudstad Damaskus i dag. Fleire titals skal vere drepne i åtaket som retta seg mot ein av regimets militærbasar.

Bilbombe i Damaskus

VANLEG METODE: Bilbomber er vorte eit vanleg våpen for opposisjonen i kampen mot Bashar al-Assads regime. Her etter ei bilbombe har gått av i Damaskus 7. oktober i år.

Foto: SANA / Reuters

Sjølvmordsbombarane slo til måndag kveld, og igjen er åtaket retta mot ein militær installasjon som tilhøyrer Assad-regimet.

– Dusinvis av menneske er drepne i to sjølvmordsåtak mot flyvåpenbasen i Harasta, seier leiaren for den opposisjonelle aktivistgruppa Syrian Observatory for Human Rights, og held fram:

– Fleire hundre er framleis fanga inne i bygningen, og me veit ikkje korleis det går med dei.

Allereie skal ei gruppe ha teke på seg skulda for åtaka. Den islamistiske gruppa Al-Nusra, som tyder siger på arabisk, skreiv på deira Facebook-gruppe at dei hadde utført åtaket. Dei skreiv vidare at fleire tonn med sprengstoff vart nytta.

I morgontimane heldt FNs generalsekretær Ban Ki-moon og Frankrikes president Francois Hollande ein pressekonferanse, og valden i Syria var temaet. Saman kom dei med ei kraftig oppmoding til det syriske regimet om å stoppe sine åtak.

Eg har sendt ei melding til den syriske regjeringa, og oppfordra dei til å erklære ei einsidig våpenkvile umiddelbart, sa Ban Ki-moon på pressekonferansen.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Aleppo, Syria

KAMPAR OVER HEILE SYRIA: Heile landet er no i krig, og ingen område er spart. Her frå ein stad like utanfor Aleppo.

Foto: STR / Afp

Nye kampar langs grensa til Tyrkia

Afghanistan

STØTTAR TYRKIA: Generalsekretæren i NATO, Anders Fogh Rasmussen, har allereie forsvarsplanar klare dersom Tyrkia treng det.

Foto: MARK GRAHAM / Afp

I dag er det òg meldt om ferske trefningar mellom Syria og NATO-medlemmen Tyrkia langs grensa mellom dei to landa. Desse kampane har no halde fram i ei veke. NATOs forsvarsministrar møttest i dag i Brussel, og her vart det klart at Tyrkia vil få all nødvendig støtte frå alliansen.

– Me har laga klar planar som har mål om å beskytte og forsvare Tyrkia dersom det vert naudsynt, seier Anders Fogh Rasmussen, NATOs generalsekretær.

Den militære leiaren for dei tyrkiske styrkane var i dag på plass og inspiserte sin hær i dag. Det internasjonale samfunnet fryktar det verste dersom det skal bryte ut krig mellom dei tidlegare allierte.

– Opptrappinga av konflikten langs den syrisk-tyrkiske grensa, og effekten konflikten i Syria har på Libanon, er ekstremt farleg, sa Ban Ki-moon på ei samling i World Forum for Democracy i Strasbourg i går.

Nye tal på drepne menneske kjem kvar dag. Gårsdagen nådde 141 drepne, i fylge organisasjonen Syrian Observatory for Human rights. Til saman kan så mange som 32 000 vere drepne sidan opprøret starta for nesten 20 månader sidan.

SISTE NYTT

Siste nytt