Hopp til innhold

USAID vert kasta ut av Russland

Russland har gjeve USA beskjed om å avvikle alle USAID sine operasjonar i landet. Hjelpeorganisasjonen har drive i Russland i 20 år.

USAID i Russland

UT ETTER 20 ÅR: USAs statlege hjelpeorganisasjon vert kasta ut etter 20 år i Russland. Dei må vere ferdige og ute av landet innan 1. oktober.

Foto: USAID

– Sjølv om me fysisk ikkje vil vere til stades lenger, vil me halde fram vårt engasjement for å støtte demokratiet, menneskerettar og utvikling av eit sterkt sivilt samfunn i Russland, seier talskvinne Victoria Nuland i USAs utanriksdepartement.

Ei kortfatta pressemelding kom i går, etter at Russlands regjering hadde gjeve USA fram til 1. oktober å avslutte heile USAID-programmet i landet. Det er snakk om nærare 300 millionar kroner i året, og heile 15 milliardar kroner sidan programmet starta i 1992.

I dag seier russiske styresmakter rett ut at organisasjonen vart kasta ut fordi dei meiner USAID prøver å påverke innanrikspolitiske forhold i Russland.

Enkelte kommentatorar at òg Russland vil gje omverda eit inntrykk av at dei ikkje treng hjelp.

– Styresmaktene i Russland har lenge gjort det klart at dei ser landet som ei stormakt som gjev hjelp i staden for å få hjelpa, seier Matthew Rojansky frå den utanrikspolitiske tenketanken Carnegie Endowment for International Peace til Reuters.

Putin kritiserer hjelpeorganisasjonar

USAID har i stor grad konsentrert sitt arbeid i Russland rundt fremjing av demokrati. Etter at Vladimir Putin igjen inntok presidentstolen i landet, hevdar fleire at landet er vorte meir undertrykkande.

Putin sjølv har hevda at ikkje-statlege hjelpeorganisasjonar frå USA har stått bak dei store demonstrasjonane i Russland det siste året. Desse demonstrasjonane har protestert mot Putins styre.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Vladimir Putin, Russlands president

RUSSLANDS STERKE MANN: President Vladimir Putin har gått hardt ut mot sine politiske motstandarar etter at han vart president att.

Foto: ALEXEY DRUZHININ / Afp

– Dersom ein tek desse utsegna frå Putin, og set dei i kontekst med dei to landas usemje over demokratifremming, så skjønar ein kvifor Russland går til steget og kastar USAID ut, seier Matthew Rojansky vidare.

På nettsamfunnet Twitter har reaksjonane vore mange, både positive og negative, etter at avgjersla om å kaste ut USAID vart kjend.

Mellom anna brukaren janinel83, som hevdar dette er eit uttrykk for Putins versjon av den kalde krigen.