Hopp til innhold

– Syria-konflikten er svært farleg

Lakdar Brahimi møtte i dag president Bashar al-Assad. Etter møtet er han ikkje optimistisk, og seier at konflikten i landet utgjer ein global trugsel.

SYRIA-CONFLICT-BRAHIMI-ASSAD

FYRSTE MØTE: FNs spesialutsending Lakdar Brahimi møtte i dag Syrias president Bashar al-Assad for å finne ein veg fram mot ei fredeleg løysing på konflikten.

Foto: - / Afp

– Det er framleis svært vanskeleg, og det vil halde fram med å vere vanskeleg, seier FNs spesialutsending Lakdar Brahimi.

Han møtte Syrias president Bashar al-Assad i Damaskus i dag. Før møtet i hovudstaden var Brahimi pessimistisk med tanke på ei fredeleg løysing i landet. Etter møtet er han ikkje vorten merkbart meir optimistisk.

– Konflikten i Syria er ein trugsel mot det syriske folk, mot regionen og mot verda, seier FN-utsendingen.

Han vart henta inn som ny utsending for FN etter at Kofi Annans sekspunktsplan for fred ikkje klarte å stoppe valden og drepinga i Syria. Brahimi understrekar kor vanskeleg det er å stoppe kampane som går føre seg kvar dag, fleire stader i landet.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Kampar i Aleppo, Syria

KAMPANE HELD FRAM: I Syrias største by Aleppo er kampane framleis harde. Her er to soldatar frå Den frie syriske hæren avbilda i går.

Foto: MARCO LONGARI / Afp

– Det er ikkje ein hemmelegheit at det er ein stort avstand mellom partane på bakken i Syria. Men me skal jobbe for å tette denne avstanden, seier Brahimi på pressekonferansen etter møtet.

Brahimi er på sitt fyrste besøk til Syria etter at han vart utnemnd til ny spesialutsending. Dei næraste dagane skal han møte både opposisjonen i landet, og andre viktige aktørar som EUs ambassadørar og arabiske lands utsendingar til Syria.

På laurdag skal han vidare til Kina for å leggje press på styresmaktene der. Historisk sett ein nær alliert av Syria, er Kina sett på som ein nøkkelaktør for å skape fred i landet.

SISTE NYTT

Siste nytt