KGB kallar inn svenske teddybjørn-aktivistar

Tomas Mazetti og Hannah Frey viser fram ein teddybjørn lik dei som vart slepte over Kviterussland. Slagordet er «Me støttar kviterussarane sin kamp for yttringsfridom».
Foto: Gero Breloer/ApSvenskane som slapp teddybjørnar med ein demokratisk bodskap over Kviterussland forrige veke blir truga med fengsel av kviterussisk KGB om dei ikkje møter opp for å forklare seg.
Publisert 12.08.2012 18:54.
- Skriv ut

Teddybjørnar med bodskap om yttringsfridom og menneskerettar landa i Kviterussland.
Foto: Per Cromwell/ApDet svenske reklamebyrået Studio Total lot hundrevis av teddybjørnar regne ned over den kviterussiske hovudstaden Minsk 4. juli i år.
Kosedyra bar med seg ein bodskap om demokrati, og kritikk mot det sitjande regimet til Alexander Lukasjenko, også kalla «Europas siste diktator».
No har tre svenskar i byrået blitt kalla inn til avhøyr av det kviterussiske KGB, skriv aljazeera.com.
Dei har å møte innan ti dagar, elles risikerar dei fengsel.
- LES OGSÅ: Lærer opp Europas neste diktator
Ulovleg innflyging
Innkallinga vart oversendt dei tre svenskane per e-post, men også posta på KGB si nettside.
KGB skriv at dei etterforskar reklamebyrået sin ulovlege kryssing av den kviterussiske grensa.
Dei trugar svenskane med bøter og fengsel i opptil seks månader, om dei ikkje dukkar opp til avhøyr.
Føremålet med avhøyra er likevel ikkje å forfølgje svenskane rettsleg, hevdar KGB, men å finne ut kva rolle dei spelte i aksjonen, og korleis kviterussiske styresmakter skal hanskast med dei kviterussiske opposisjonelle som blir mistenkte for å ha hjulpe svenskane.
- LES OGSÅ: Sammenlignet Lukasjenko med Stalin
– Utpressing
Tomas Mazetti, som var med i småflyet under teddy-aksjonen, og er kalla inn saman med sine kollegaer Hannah Frey og Per Cromwell, seier e-postane ikkje gjev eit klart uttrykk for kvifor dei blir kalla til Minsk.
– Brevet talar om «fornærma eller vitner som unnlet å møte opp», ikkje om «mistenkte», seier han.
Ut frå dette trur han at kviterussarane berre vil ha dei som vitner.
Mazetti seier at svenskane vil krevje garantiar frå KGB om at dei ikkje blir rettsleg forfølgde før dei set seg på eit fly til Minsk.
Han seier også at politiske ekspertar har advara han mot at Lukasjenko kjem til å bruke dei arresterte kviterussiske opposisjonelle som pressmiddel.
Journaliststudenten Anton Suryapin, vart arrestert etter at han la ut bilete av teddybjørnane på ei nettside. Han risikerar sju års fengsel.
To kvinnelege journalistar har fått bøter for å ha delteke i ein demonstrasjon til støtte for Suryapin.
– Det er rein utpressing, seier Mazetti.
- LES OGSÅ: Utviser alle svenske diplomater
(Saka held fram)

Dei to journalistane Irina Kozlik og Yulia Darashkevich visar sigersteikn då dei kjem til rettssalen i minsk. Dei fekk bøter for å ha vore med i ein demonstrasjon til støtte for Anton Suryapin.
Foto: VIKTOR DRACHEV/Afp
Diplomatisk konflikt
Lukasjenko har også skulda den svenske ambassaden for å vere delaktig i aksjonen, og dei diplomatiske banda mellom Sverige og Kviterussland er blitt kutta.

Ein kviterussisk demonstrant held ein teddybjørn og har på seg ein t-skjorte som kritiserer mangelen på ytringsfridom utanfor ein rettssal i Minsk.
Foto: VIKTOR DRACHEV/AfpI forrige veke vart Sverige sin ambassadør utvist frå Kviterussland fordi han hadde hatt kontakt med opposisjonelle. Resten av dei svenske diplomatane fylgte etter.
Kviterussland vedtok også å stenge sin ambassade i Sverige, då svenskane nekta å godta den nye kviterussiske ambassadøren til Sverige.
Dette er berre ei dråpe i havet av usemje mellom Kviterussland og resten av Europa.
På fredag heldt EU eit krisemøte for å drøfte situasjonen og kom fram til at den diplomatiske krisa mellom landa skal takast til etterrretning når EU sine sanksjonar mot Kviterussland skal evaluerast.
Thomas Mazetti seier han er villig til å bistå kviterussisk KGB i deira etterforsking i teddybjørn-saka.
– Me har ingenting imot å hjelpe dei med å finne ut akkurat korleis me gjorde det, seier Mazetti.
Fakta om Hviterussland og Aleksandr Lukasjenko
Foto: Sergei Grits/Ap- Aleksandr Lukasjenko har styrt Hviterussland med hard hånd siden 1994. Han har fengslet opposisjonelle og kneblet mediene, samtidig som han har vært rundhåndet med pensjons- og velferdsordninger.
- Han vant det siste valget med 79,6 prosent av stemmene. Han hadde ni motkandidater, men hans nærmeste rival fikk mindre enn 3 prosents oppslutning.
- Flere tusen hviterussere demonstrerte mot resultatet, men ble møtt av opprørspoliti som arresterte flere hundre opposisjonelle, blant dem minst fire presidentkandidater.
- Lukasjenkos tidligere gode forhold til Russland har forverret seg i hans tredje presidentperiode, noe som har hatt store økonomiske konsekvenser for Hviterussland.
- Hviterussland har 10 millioner innbyggere og grenser mot EU-landene Latvia, Litauen og Polen, samt Russland og Ukraina. Minsk er hovedstad.
Kilde: Reuters
Les
Sverige
- Over 70 utrykningar i natt
- Fem nye bilbranner i Stockholm
- Nye opptøyer i Stockholm
- Quick frifunnet for nok et drap
- Nabo: – Forstår ungdommen fullt ut
- Opprøret held fram i Stockholm
- Reinfeldt fordømmer volden i Husby
- Barn deltar i opptøyene
- Flere biler satt i brann i Sverige
- Flere politifolk skadd i Stockholm
- 24-åring pågrepet for gullsmedran
Hviterussland
- KGB arresterte pressefotografer
- Nobel-favoritts sønn frykter press
- – Fritt og ope val i Kviterussland
- Full pott for Lukasjenkos parti
- Krangel om valgframmøtet i Minsk
- Boikotter valget i Hviterussland
- Ber om valgboikott i Hviterussland
- Hviterussland: Fikk tysk trening
- Må gå etter svenskekrangling
- KGB vil ha svenske Teddy-aktivistar
- Utviser alle svenske diplomater




