Hopp til innhold

Fryktar naudhjelp-nekt under store by-slag

Raudekrossen fryktar at det syriske regimet igjen vil sperra for livreddande førstehjelp medan valden herjar i millionbyane Aleppo og Damaskus.

Nabolaget Al Sajur i Aleppo, Syria

På vegen inn mot Aleppo ligg stridsvognene strødde, og vitnar om harde kampar som no er flytta inn i byen med 3 millionar innbyggjarar.

Foto: AP

Leni Stenseth

Leni Stenseth er utanlandssjef i Raudekrossen Noreg.

Foto: Olav A. Saltbones/Røde Kors

I mars måtte hjelpeorganisasjonane forhandla lenge med syriske styresmakter før dei til slutt fekk gå inn og gje assistanse til menneska som var råka av dei brutale kampane i den middelstore syriske byen Homs, som nærmast er jamna med jorda.

I Aleppo og Damaskus, som regimet no har stridsøksa retta mot, bur det til saman 5,5 millionar menneske. Homs har i underkant av 1,3 millionar innbyggjarar.

Raudekrossen fryktar at hjelpeorganisasjonane nok ein gong skal bli ståande på utsida medan klokka tikkar for sivile som har hamna i skotlinjene.

– Hjelpearbeidarane må få tilgang til dei råka områda for å hjelpa menneska der, er bøna frå utanlandssjefen i Raudekrossen i Noreg, Leni Stenseth idet lange kolonner av stridsvogner rullar inn i Aleppo.

Ho ser på utviklinga av situasjonen i Syria som stadig meir urovekkjande, ettersom konflikten har flytta seg frå mindre landsbyar og inn i urbane strok.

Raudekrossen opplyste fredag at dei kjem til å trekkja fleire medarbeidarar ut av Syria på grunn av stor-offensiven som er varsla i storbyane framover.

– I storbyane er det enda fleire som blir råka og fleire fanga inne i bydelar, samanlikna med kampane på landsbygda. Me har vanskelegare for å koma til når kampane herjar som hardast. Dermed får me ikkje gitt livreddande førstehjelp til dei såra, seier utanlandssjefen for norske Raudekrossen.

Ruinar etter kampar i Homs, Syria

Hjelpeorganisasjonane blei nekta tilgang til Homs etter at det syriske regimet bombarderte byen i vår.

Foto: HANDOUT / Reuters

Risikerer livet for å hjelpa

Den internasjonale Raudekrossen-komiteen har om lag 50 lokale og utanlandske medarbeidarar i Damaskus. Dei samarbeider tett med Raude halvmåne, som i hovudsak opererer i nord, også i den største byen i landet, Aleppo.

Ifølgje Stenseth har hjelpeorganisasjonane hendene fulle med å hjelpa folk i Syria som er såra i kampar, eller som er på flukt og treng vatn, mat, medisinar og klede.

Berre i løpet av dei siste dagane har Raudekrossen og systerorganisasjonen Raude halvmåne gjeve bistand til 11.000 menneske på flukt inne i Damaskus.

– Me står klare til å trappa opp bistanden. Men behovet er allereie større enn det me greier å møta, og no blir valden trappa opp i dei største byane.

Men det er ikkje pengane det skortar på, ifølgje Stenseth

– Det internasjonale samfunnet har bidrege med store summar til hjelpearbeidet i Syria, det er hovudsakleg tilgangen til dei såra som er problemet, seier ho.

Regimet er nemleg svært restriktive med å gje folk utanifrå innpass i Syria. Dei få som får operera der, jobbar under særs vanskelege og farlege forhold.

Fire medarbeidarar frå Den raude halvmåne er drepne berre i løpet av den siste månaden.

– Dei risikerer livet medan dei prøver å hjelpa folk i Syria, fortel Stenseth.

Mange syriske familier som vender hjem etter at kampene er over, finner hjemmene sine totalt ødelagt. Men det legger ingen demper på gleden over at Assad-regimets styrker er drevet bort fra deres by. (Innslag i Dagsrevyen 27.07.2012).

Mange syriske familiar finn husa sine totalt øydelagde når dei vender heim etter kampane mellom regjeringsstyrkar og opprørssoldatar (Dagsrevyen 27.07.2012)

Ber partane verna dei sivile

Mange av innbyggjarane i landet er også på flukt innad i byane medan patronene og granatane haglar.

Raudekrossen arbeider med å hjelpa dei mange som søkjer tilflukt i skular og andre tomme bygg som ikkje er dimensjonerte for å husa så mange.

Hjelpeorganisasjonen bistår blant anna med forsyningar av elektrisitet og vatn.

– Men det dei treng aller mest er tryggleik. Me vil oppfordra alle partane i konflikten til å verna sivilfolkesetnaden, seier Stenseth i Raudekrossen.