Hopp til innhold

Drapsmannen risikerer dødsstraff

James Holmes som er pågripen for å ha tatt livet av tolv menneske under ein kinopremiere i Aurora, risikerer dødsstraff dersom han er tilrekneleg. Men han snakkar ikkje.

Påtalemyndigheitene vil truleg kreve dødsstraff for Holmes, skriv avisa Denver Post.

Ein jurist seier til avisa at forsvararane hans truleg må prøve å finne grunnlag for å få han erklært utilrekneleg dersom han skal unngå giftsprøyta.

Tilrekneleg eller ikkje = liv eller død for drapsmannen

Colorado Shooting Suspect

SEIER INGENTING: Politiet får ingen informasjon ut av den mistenkte massedrapsmannen James Holmes.

Foto: Uncredited / Ap

– Dersom han er tilrekneleg, har forsvararane ei håplaus sak. Politiet tok han bokstaveleg talt med kruttslam på hendene og våpen, seier juristen Scott Robinson.

I dag skal den mistenkte massedrapsmannen bak kinomassakren i Colorado framstillast for ein domstol, men det kan ta lang tid før påtalemyndigheitene kunngjer om dei vil legge ned påstand om dødsstraff i saka.

– Han snakkar ikkje med oss, seier politiet om drapsmannen bak kinomassakren i Colorado. Den mistenkte 24-åringen har skaffa seg advokat og låst leppene.

Holmes er mistenkt for å ha skote vilt rundt seg i ein kinosal i Aurora, Colorado, under nattpremieren av den nyaste Batman-filmen.

I alt blei 70 personar skotne. 12 personar døydde og 58 personar blei skadde. Fleire av desse er kritisk skadde.

«Lawyered up»

Politiet seier at sidan han nektar å samarbeide, kan det ta fleire månader før det blir klart kva som fekk drapsmannen til å begå massakren i kinosalen i Aurora, Colorado fredag.

LES: Obama ga trøstende ord til de pårørende

Colorado Shooting Apartment

HENTAR BEVIS: Biletet viser politiet som er i leilegheita til James Holmes for å samle bevis.

Foto: Alex Brandon / Ap

Holmes har skaffa seg advokat og har tatt i bruk den velkjente retten til å ikkje forklare seg.

– Han har «lawyered up» og nektar å snakke med oss, fortel politisjef i Aurora, Dan Oates.

Politiet står med andre ord utan spor av kva som kan vere motivet bak kinomassakren.

Håpar datamaskin gir svar

I dag skal Holmes til avhøyr, og det gjenstår å sjå om politiet blir klokare på motivet bak den grusomme handlinga.

I helga tok politiet seg inn i leilegheita til Holmes og konfiskerte mellom anna ei datamaskin, mobiltelefonen hans og mykje heimelaga eksplosivar. I tillegg fann dei ei Batman-maske.

LES: Marlene overlevde kinomassakren: – Det var blod på trappetrinnene

Politiet håpar at datamaskina vil bidra til å belyse kva som fekk mordaren til å begå massedrapet.

Ifølgje ei anonym politikjelde til avisa USA Today har dei forhåpningar om å finne ut kor lenge drapsmannen har planlagt handlinga ved å søke gjennom datamaskina hans.

Heimelaga drapsfelle

Politiet måtte bruke robot for å deaktivere ei bombeinnretning som Holmes hadde rigga opp før han reiste ut på drapstokt til kinosalen i Aurora.

Studentleilegheita som Holmes budde i var rigga til taket med ei rekke bombefeller med snubletråd og andre innretningar, som ville ha gått i lufta dersom nokon hadde teke seg inn utan å vere forsiktig.

I leilegheita fann politiet mellom anna ti liter bensin, som sannsynlegvis skulle bidra til storbrann dersom eksplosivane i leilegheita blei detonert.

SISTE NYTT

Siste nytt