I to videoar som kom ut på nettet denne veka, ser ein udetonerte sprengladningar og ein behaldar, ifølgje Human Rights Watch.
Videoane stammar truleg frå Jabal Shahshabu nordvest for byen Hama.
Ein væpna opprørar i området har ifølgje Human Rights Watch fortalt om utstrekt bruk av klasevåpen i luftangrep i regionen dei siste vekene.
– Første gongen i Syria
Klasebomber består av er mindre bomber som blir spreidde over eit område når den større bomba treff bakken. Dei små bombene blir ofte liggjande udetonerte og utgjer på same måte som landminer ein stor trugsel mot den sivile folkesetnaden også etter at ein væpna konflikt er løyst.
– Viss opplysningane lèt seg stadfeste, vil det vere første gong det er dokumentert bruk av klasevåpen i konflikten i Syria, seier direktør Steve Goose i våpenavdelinga til Human Rights Watch.
Våpenekspertane i organisasjonen meiner det er restar av sovjetiske RBK-250-klasebomber ein ser i dei to videoane.
Meir enn 100 land har skrive under på ein konvensjon mot klasevåpen som tredde i kraft den 1. august 2010. Syria er ikkje blant desse landa.