Hopp til innhold

– Det er vanvittig

Å kritisere Iran har vist seg å vere farleg for rapparen Shahin Najafi. Det er utlyst ein fatwa mot han og sett ein «pris på hovudet» hans.

Video Iransk rapper truet på livet

SJÅ VIDEOEN: Den iranske rapparen Shahin Najafi blir truga på livet.

Musikkvideoane og tekstane til den iranske rapparen Shahin Najafi falt ikkje i smak hjå presteregimet i Iran.

Ein imam har utstedt ein fatwa mot han og ei islamistisk nettside lova ut ein dusør på meir enn ein halv million kroner for den som tek livet av rapparen.

Rapparen sjølv kan nesten ikkje tru det.

– Kjem ein person til å få 100 000 dollar i dusør for hovudet mitt? Det er vanvittig, seier Shahin Najafi om trugsmålet.

(Saka held fram under biletet)

Shahin Najafi rapper

Slike bilete, Frå ein av musikkvideoane til Shahin Najafi, blir for sterk kost i Iran.

Råda til å reise

31-åringen er busett i Tyskland og tek opp mange kontroversielle tema i musikken sin. Han trur fatwaen mot han er politisk motivert.

– Driv desse menneska med politikk? Det dreier seg ikkje om religion og religiøse kjensler. Ingen har øydelagt religionen så mykje som den islamske republikken Iran, seier han.

Men å drive med islamkritikk har ein pris for Najafi. Tyske myndigheiter vil ikkje lenger ha ansvaret for han.

– Eg kontakta politiet i dag og dei råda meg til å forlate Tyskland. Slik er det blitt, seier han.

(Saka held fram under biletet)

Shahin Najafi

Shahin Najafi sin musikk har skaffa han uvener i Iran.

Foto: Håvard Gundersen / NRK

SISTE NYTT

Siste nytt