Hopp til innhold

Israel like mislikt som Nord-Korea

Israel knivar med diktaturstaten Nord-Korea om å vere blant dei tre minst likte landa i verda, skal me tru ei ny undersøking gjort av BBC.

Benjamin Netanyahu

DÅRLEG SELSKAP: Israel-statsminister Benjamin Netanyahu og Kim Jung Un i Nord-Korea er på delt tredjeplass av dei minst likte landa i verda.

Foto: AFP/KCNA

Resultatet frå den store popularitetsundersøkinga viser at Israel er på tredjeplass i verda når det gjeld negativt omdøme. Berre Pakistan og Iran er verre stilt, og Nord-Korea stiller likt.

Undersøkinga er gjort mellom desember 2011 og februar 2012 der meir enn 24.000 menneske er spurt om inntrykket dei har av dei største og mektigaste landa i verda. Intervjua er gjort i alle dei 22 landa som er med på undersøkinga.

Iran på første

Israelske flagg

Israel har færre vener enn før. Berre i løpet av det siste året er omdømet til landet gått ned med fire prosent.

Foto: JACK GUEZ / Afp

Iran tok ein klar førsteplass der 55 prosent av respondentane svarte at dei har eit negativt inntrykk av landet. Pakistan kjem på ein andreplass med 51 prosent, og Nord-Korea og Israel på ein delt tredjeplass med 50 prosent negativ oppfatning.

For Israel er dette ei markant auke frå tidlegare. Tilsvarande undersøking i fjor viste at det då var 47 prosent som hadde eit negativt innrykk av landet.

Berre 21 prosent av dei som svarte på undersøkinga sa at dei har eit positivt inntrykk av Israel. Det einaste landet i Vesten der folket har ein meir positiv enn negativ oppfatning av landet er, kanskje ikkje overraskande, i USA. Der svara 50 prosent av dei spurte at dei har eit fordelsaktig inntrykk av landet.

Japan på topp

Ifølgje resultata på undersøkinga er Pakistan det einaste landet der innbyggjarane har gitt meir negativ enn positiv rating til sitt eige land. Dei intervjua seier at årsaka er at dei er svært misnøgd med utanrikspolitikken i landet.

Indonesia er det einaste landet som har eit positivt inntrykk av Pakistan.

Ifølgje undersøkinga er dei mest elska statane i verda Japan, Tyskland, Canada, Storbritannia og Kina.

Japan har førsteplassen med 58 prosent positiv rating, og slår dermed Tyskland som var på topp i fjor.

Les heile undersøkinga her (ekstern lenke)

Slik er verda sitt inntrykk av Israel:

Inntrykket av Israel i verda

Land

Positivt inntrykk

Negativt inntrykk

USA

50 %

35 %

Canada

25 %

59 %

Chile

21 %

34 %

Mexico

19 %

44 %

Brasil

17 %

35 %

Frankrike

20 %

65 %

Egypt

7 %

85 %

Kina

23 %

45 &

Japan

3 %

45 %

Nigeria

54 %

29 %

Heile verda

21 %

50 %

Ekspander/minimer faktaboks

SISTE NYTT

Siste nytt