Egyptiske politikarar vil la 14-åringar gifte seg

PRESIDENTVAL: Ei egyptisk jente passerer plakatar med bilete av kandidatar ved presidentvalet som skal vere i Egypt seinare denne månaden. Nasjonalforsamlinga i Egypt vurderer eit forslag om å endre lova slik at born heilt ned til 14 år kan gifte seg.
Foto: AMR ABDALLAH DALSH/ReutersNasjonalforsamlinga i Egypt vurderer å opne for at born heilt ned til 14 år får gifte seg. Barnerettsorganisasjonen Plan slår alarm og er særskilt bekymra for jentene sin situasjon.
Publisert 12.05.2012 12:33. Oppdatert 12.05.2012 14:29.
- Skriv ut
Ein egyptisk parlamentarikar stadfesta ifølgje ei pressemelding frå Plan International at det blir arbeidd med eit lovforslag som vil senke aldersgrensa for ekteskap frå 18 til 14 år.
Det kan bety at mange jenter går glipp av utdanning og mistar kontrollen over sin eigen kropp.

TILBAKESTEG: Generalsekretær i Plan Norge, Helen Bjørnøy, meiner det vil vere eit stort tilbakesteg for Egypt å senke aldersgrensa på ekteskap.
Foto: Kallestad, Gorm/SCANPIXBarneekteskap er utbreidd
– Dette vil vere eit enormt tilbakesteg for Egypt, seier generalsekretær i Plan Norge, Helen Bjørnøy.
– Trass i at landet har innført 18-årsgrense for å gifte seg, er barneekteskap eit utbreidd fenomen, påpeikar ho.
– Saman med andre organisasjonar som jobbar for å beskytte born, held vi fram arbeidet med å påverke myndigheitene og opinionen i Egypt, seier Bjørnøy.
Lova blei endra i 2008
Plan Egypt var aktiv med i prosessen for å endre lova i 2008, då aldersgrensa for ekteskap blei heva til 18 år.
Nasjonalforsamlinga er dominert av menn, og mange analytikarar er urolige for framtidsutsiktene for kvinner sine rettar.
– FN-konvensjonen om born sine rettar stadfestar at alle personar under 18 år er born. Sjølv om det egyptiske lovverket er betra, er tidlleg ekteskap eit stort sosialt fenomen i Egypt, seier talsmann for Plan International, Auman Zadek.
Eit brot på menneskerettane

BEKYMRA: Hillary Clinton er bekymra over at jenter og kvinner sine rettar kan stå i større fare dersom aldersgrensa på ekteskap i Egypt blir senka.
Foto: Marion Curtis/ApPlan Egypt stemplar barneekteskap som eit brot på menneskerettane.
– Det er ein fotfesta, men skadeleg praksis og er ei form for seksualisert vald mot born, særskilt mot unge jenter, heiter det i ei pressemelding.
Mykje avheng no av utfallet av presidentvalet i Egypt som startar 23. mai og vert avslutta 17. juni. Ein av kandidatane her, den offisielt uavhengige Mohamed Mursi, har sterke band til det mektige Muslimske brorskapet.
Det muslimske brorskapet og dei puritanske salafistane har sterk innverknad i Egypt.
LES OGSÅ: Spredte rykter om egyptisk sex-lov
Utanriksminister i USA, Hillary Clinton, er blant dei internasjonale leiarane som er bekymra over at sjølv moderate parti gjer lite for å styrke jenter og kvinner si stilling.
Omfattande og dyrt problem
At jenter blir gifta vekk i svært ung alder, er ikkje eit problem som avgrensar seg til Egypt. Og ikkje berre går det utover dei unge jentene som vert gifta vekk.
Når jenter går glipp av utdanning, kan det på lang sikt få enorme økonomiske følgjer for landa dei bur i.
Verdsbanken og FN-organisasjonen UNESCO har berekna det direkte tapet til eit beløp tilsvarande nesten 700 milliardar kroner i året.
Egypt
- 2000 står fast ved grenseovergang
- Kritiserer Egypts nye regjering
- Mubarak-rettssak utsatt til 8. juni
- Mubaraks ankesak avbrutt
- Dropper saken mot egyptisk komiker
- Truer med å stenge TV-stasjon
- Kjendis arrestert for president-hån
- – Lovet løslatelse senest mandag
- Aukande lovløyse på Sinai
- – Kidnappere krever fanger løslatt
- Norsk turist kidnappet i Sinai
Nyheter fra verden
Dødstallene doblet i Oklahoma - Opphever dommen mot eks-diktator
- Blant de sterkeste stormene i USA
- Obama: – Ring meg om du trenger noe
- Frykter nær 40 døde på barneskole
- Har bare én times dagslys igjen
- Oklahoma rasert av tornado
- Flere biler satt i brann i Sverige
- Hizbollah-soldater drept i Syria
- Flere politifolk skadd i Stockholm




