Fleire tusen familiar heimlause etter brann i Manila

INFERNO: Ein mann flyt på eigendelane sine framfor den enorme brannen som gjorde fleire tusen familiar heimlause.
Foto: Pat Roque/ApEit enormt slumområde i hovudstaden i Filippinane gjekk opp i flammer fredag. Kjelder skal ha det til at 10 000 menneske mista heimane sine.
Publisert 12.05.2012 08:37.
- Skriv ut
Minst 5000 familiar skal ha mista heimane sine i ein diger brann i eit fattig område i hovudstaden Manila, melder nyheitsbyrået Ap.
Om lag 1000 hus skal ha blitt oppslukt av flammane, og to personar er sakna.
Klamra seg fast til eigendelar

INFERNO: Innbyggjarane i slumområdet hoppa i vatnet for å redde seg sjølv etter den enorme brannen.
Foto: CHERYL RAVELO/ReutersDei fleste husa er på storleiken med små hytter og står på påler i vatnet.
Fleire av bebuarane skal ha hoppa i sjøen og klamra seg fast til eigendelar som dei prøvde å redde, ifølgje brannsjef Bonifacio til nyheitsbyrået.
Ikkje nok vatn
Brannvesenet i fleire nærliggjande byar skal og ha blitt tilkalla for å hjelpe til å sløkke den enorme brannen, og den filippinske kystvakta er i høg beredskap.
Brannvesenet hadde problem med å få nok vatn til å sløkke brannen, og brannsjef Bonifacio fortel til nettavisa ABS-CBNNews at dei måtte bruke sjøvatn for å kjempe mot brannen som spreidde seg raskt.
Årsaka til brannen er enno ikkje kjent.
Fattig område
Filippinane er ein fattig øystat i Asia som har stor vulkansk aktivitet. Landet består av elleve store øyar og over 7000 mindre øyar, og er ofte svært utsett for naturkatastrofar.
LES: Filippinane: 43 omkom i jordskjelv
LES: 25 døde i jordras på Filippinene
Ifølgje FN bur om lag halvparten av innbyggjarane i Filippinane i fattige slumområde.
I april 2010 blei over 600 bustadar totalskadde i eit anna slumområde i nærleiken av Manila. Ein person omkom og så mange som 7000 innbyggjarar blei heimlause.
Les
Filippinene
- Skjøt og drepte ni naboer
- Frykter sultkatastrofe etter tyfon
- Flere hundre drept på Fillippinene
- Tyfon herjer Filippinene
- Nordmann drept på Filippinene
- Avverget bombeangrep på Filippinene
- Fredsavtale er underskrevet
- «Kabang» får ny snute i California
- Tsunami utenfor Filippinene
- Halve Manila er under vatn
- 36 personer mistet livet i flom
Nyheter fra verden
Guatemalas ekspresident utlevert - - Ber unge tenne på biler og filme
- Politiet ber om forsterkninger
- Rutefly ba om hjelp mot passasjerer
- Norske styrker i kamper i Kabul
- La seg i bakhold for politiet
- Drapssiktet likevel ikke lølatt
- Fly nødlandet på Heathrow
- Jordskjelv i havet nord for Japan
- Belmokhtar i live




