Hopp til innhold

No kan kven som helst i Argentina skifte kjønn

Politikarane i Argentina vedtok i dag ei lov som gjer at alle argentinarar over 18 år kan bli anerkjend som det kjønnet dei sjølv ønskjer å vere.

Ny kjønnslov i Argentina

Alejandra Portatadino er ein aktivist for dei transseksuelle si sak i Argentina, og har god grunn til å juble over lova.

Foto: Reuters

Lova seier at argentinarar har ein rett til å bli behandla i høve til deira eigen kjønnsidentitet, og styresmaktene er pliktige til å følgje innbyggjarane sine ønske.

«Det er forstått at kjønnsidentitet er den individuelle måten ein person oppfattar sitt eige kjønn, noko som kan vere både lik eller forskjellig frå det kjønnet ein har fått ved fødselen.», står det i lovteksten.

Alle over 18 kan skife kjønn

Dette gjer at alle argentinarar over 18 år kan møte opp hos styresmaktene og få kjønnet sitt forandra dersom dei ønskjer det.

Alejandra Portatadino frå aktivistorganisasjonen CHA jublar over den nye lova.

– Verdigheiten er no den same uavhengig kva ein person definerer seg som. Det er difor denne lova er så viktig for oss, fordi den kjem til bli ekte. Det er eit lite steg for oss, men eit stort steg for det argentinske samfunnet og demokratiet, seier Alejandra til Reuters.

Lova er laga for å tilfredsstille dei som gjennomgår ein kjønnsskifteoperasjon eller hormonbehandling, men den går enno lengre enn dette.

Dei som kler seg, pratar eller agerer som det motsette kjønn kvalifiserer også til å få kjønnsidentiteten sin akseptert.

Presidenten var pådrivar

Kampen for lova starta under den førre presidenten i landet, Nestor Kirchner. Kona til Kirchner, som er den noverande presidenten, tok saka i sine hender og jobba for å få den vedteke i Senatet.

– Denne lova er eit steg på vegen mot likskap, inkludering og ei anerkjenning om at alle argentinarar har same rettar, sa visepresident Amado Boudou.

– I dag er dagen då tusenvis av Argentinarar får nye rettar, utan at nokon andre mister eit fnugg av sine eigne rettar.

SISTE NYTT

Siste nytt