Beste restauranten i verda, tredje året på rad

Restauranten Noma i København.
Foto: Casper Christoffersen/AfpDen danske luksusrestauranten «Noma» stakk av med tittelen «beste restauranten i verda» under den internasjonale kåringa i London i kveld.
Publisert 30.04.2012 22:31.
- Skriv ut
I kveld vart det klart at Noma er den beste restauranten i verda, då «Restaurant magazine» organiserte den årlege kåringa av verdas 50 beste restaurantar.
Danka ut eine luksusrestauranten etter den andre
Med å vinne denne prisen, danka danskane ut 49 av dei best rennomerte restaurantane over heile kloden.
– Berre forrettane åleine er verdt besøket til Noma, lidenskapen for mat blir reflektert i kvar einaste bit, var programleiaren si overdådige skildring av maten då Noma fekk utdelt prisen i kveld.
Noma er den første restauranten etter den nedlagde spanske gourmetrestauranten El Bulli som har vunne konkurransen tre år på rad.
Ifølgje Danmarks Radio kan sjefkokk Rene Redzepi og resten av gjengen på restauranten «atter ein gong kalle seg dei ubestridde kongane av den globale matscenen.»
Luksusrestaurantar i mellom anna Frankrike, Japan, USA, Tyskland, England, Nederland, Italia, Peru og Mexico måtte atter ein gong sjå seg slått av den danske gourmetrestauranten.

René Redzepi, sjefkokk for restauranten «Noma» i København.
Foto: Ben Stansall/AFPIfølgje nettstaden deira, brukar Noma berre øl, fruktsaft og frukteddik i maten i staden for vin. Det skal mellom anna vere slike detaljar og nyskaping i matvegen som ifølgje juryen er særtrekk som gjorde Noma fortent til prisen for tredje år på rad.
Tiårsjubileum
Britiske Restaurant Magazine presenterer årleg ei liste over dei 50 beste restaurantane i verda, i samband med mineralvatnprodusentane San Pellegrino og Acqua Panna.
Restaurantane blir rangerte av ein jury som består av over 800 ekspertar i restaurantindustrien. Desse er alt frå kulinariske ekspertar, kokkar, matjournalistar og forfattarar.
Kåringa har tiårsjubileum i år og gjekk av stabelen i «Guildhall» i London. I alt vart elleve prisar delte ut, og restauranten som stakk av med den gjævaste tittelen Verdas beste er omtala som
LES OGSÅ: Dansk restaurant er verdens beste
Hat-trick for nordiske råvarer
Den danske vinnaren vann prisen óg i 2010 og 2011, og danske medium har i kveld venta i spaning på om den nasjonale matskatten vil score hat-trick og bli utnemnt som den beste restauranten i verda tredje året på rad. Og spådommane gjekk i oppfylling.
«Noma» er eit akronym av «nordisk mad».
Sjefkokk René Redzepi brukar berre nordiske råvarer, som jomfruhummarar frå Færøyane, moskus frå Grønland eller kveite frå Island.
Restauranten røyker, saltar, sylter, tørkar og baker alt sjølve, og har kapra to stjerner i Michelinguiden.
– Då dei starta «Noma» var dei på ein rundreise i Skandinavia for å sjå kva råvarer og mattradisjonar som var gått tapt. Det som gjer dei så fantastiske er at dei er innovative. Dei har revolusjonert bransjen, seier Nikolaj Stagis, ekspert på merkevarebygging, til Danmarks Radio.
Restauranten ligg i ein renovert lagerbygning i bydelen Christianshavn på øya Amager.
- LES OGSÅ: McDonald’s erorbrer franske ganer
Les
Nyheter fra verden
- Opprydningsarbeidet starter i Moore
- Utestenges fra Iran-valget
- Lover gjennomsøking av alle hus
- Slapp så vidt unna tornadoen
- Notre-Dame evakuert etter selvmord
- To uker fengsel for drapsiktelse
- Obama roste lærerne i Moore
- Barneskole knust til pinneved
- Reinfeldt fordømmer volden i Husby
- 24 bekreftet døde i Moore




