Ein drepen, mange såra i Kairo

Det var harde samanstøytar i bydelen Abbassiya i Kairo i heile natt.
Foto: Ahmed Ali/ApEin person vart drepen og 119 såra i samanstøytar mellom salafistar og innbyggjarar i bydelen Abbassiya i Kairo i natt.
Publisert 29.04.2012 21:06. Oppdatert 29.04.2012 21:14.
- Skriv ut
Ei stor gruppe ytterleggåande islamistar og salafistar marsjerte innn i Abbassiya for å protestere mot at valkommisjonen hadde nekta salafisten Hazem Abu Ismail å delta i presidentvalet 23.- og 24. mai.
Salafistane er sterkt konservative og held seg så nær opp til dei opphavlege skriftene i koranen som mogleg.
Gjekk til motangrep

Saslafistar i bønn under uroa i Kairo natt til søndag.
Foto: Nasser Nasser/ApInnbyggjarar i bydelen, som blant anna husar Forsvarsdepartementet, gjekk til motangrep på islamistane, og det kom til harde samanstøytar som heldt på heilt til det vart lyst søndag morgon. Begge sider kasta stein og brannbomber på kvarandre, melder nyheitsbyrået AFP.
Militærpolitiet, som vaktar Forsvarsdepartementet, greip ikkje inn for å stanse uroa.
Det egyptiske helsedepartementet opplyser at ein person vart drepen og 119 såra i uroa.
Fleire utestengde
Valkommisjonen avgjorde 14. april at ti kandidatar til presidentvalet ikkje oppfyller krava til å stille i kampen om å bli Hosni Mubaraks etterfølgjar. Blant andre som vart utestengde frå valet er Khairat El-Shater frå Den muslimske brorskapen og Mubaraks tidlegare etterretningssjef Omar Suleiman.
Salafisten Hazem Abu Ismail vart utestengd frå presidentvalet fordi mor hans har både egyptisk og amerikansk statsborgarskap. Tilhengjarane hans meiner at valkommisjonen berre brukar dette som eit påskot for å hindre han i å delta i valet.
Sivilt styre innan utgangen av juni
Første runde av presidentvalet går altså 23.- og 24. mai. Om ingen av kandidatane får meir enn 50 prosent av røystene, blir det ein ny valomgang to veker seinare.
Det styrande militærrådet, som blir leidd av feltmarskalk Hussein Tantawi, har lovd å overføre makta til ein sivil president innan utgangen av juni.
Nyheter fra verden
- 20 biler i brann nord for Stockholm
- Skolebuss eksploderte 17 barn døde
- Høyreekstremister danner borgervern
- Fant Superman i veggen
- Guatemalas ekspresident utlevert
- - Ber unge tenne på biler og filme
- Kenyas ledere bak drap og tortur
- Politiet ber om forsterkninger
- Rutefly ba om hjelp mot passasjerer
- Norske styrker i kamper i Kabul




