Strauss-Kahn legg skulda på Sarkozy og venene hans

Dominique Strauss-Kahn trudde ikkje at dei politiske motstandarane hans ville gå så langt for å hindre at han vart presidentkandidat.
Foto: MIGUEL MEDINA/AfpEks IMF-sjef Dominique Strauss-Kahn legg skulda for fallet sitt frå maktas tindar på Nicolas Sarkozy og dei politiske støttespelarane hans.
Publisert 27.04.2012 22:53. Oppdatert 27.04.2012 23:05.
- Skriv ut
I eit intervju med den britiske avisa The Guardian seier Strauss-Kahn, som vart arrestert i i mai i fjor i New York og skulda for valdtekt mot ei kvinne som arbeidde på hotellet der han budde, at dei politiske motstandarane hans har lagt karrieren hans i grus.
– Kanskje var eg politisk naiv
– Det er mogleg eg var politisk naiv, men eg trudde rett og slett ikkje at dei ville gå så langt, seier han om dei politiske motstandarane sine.

Nafissatou Diallo vil gå til sivilt søksmål mot Dominique Strauss-Kahn.
Foto: TIMOTHY A. CLARY/AfpStrauss-Kahn seier at Sarkozy og støttespelarane hans ville gjere alt i deira makt for å hindre at han vart sosialistane sin kandidat ved presidentvalet i år.
Og den tidlegare sjefen for Det internasjonale pengefondet (IMF) var storfavoritt til å bli utfordraren til Sarkozy, heilt til dei lagnadstunge hendingane i New York for snart eitt år sidan.
Strauss-Kahn trur ikkje at den hotelltilsette kvinna som melde han for valdtekt, Nafissatou Diallo, var ei lokkedue for å lure han i ei felle. Men han meiner at dei politiske motstandarane hans i Sarkozy sitt parti tok regien etterpå. og sørgde for at Diallo gjekk til politiet med skuldingane om valdtekt.
LES OGSÅ: Strauss-Kahn avhørt om sex-orgier
LES OGSÅ: Strauss-Kahn skal avhøres
– Frivillig seksuell kontakt
Den franske eks-politikaren seier at det var seksuell kontakt mellom han og Diallo, men at det heile var frivillig.

Skuldingane mot Strauss-Kahn var heitt stoff i media, også i seriøse tidsskrift som Newsweek.
Ap63 år gamle Strauss-Kahn er sikker på at han ville ha vore det sosialistiske partiet sin presidentkandidat, om det ikkje hadde vore for det som skjedde på Sofitel Hotel i New York 14. mai i fjor.
– Eg hadde tenkt å lansere mitt kandidatur 15. juni, og eg var aldri i tvil om at eg hadde vunne nominasjonen, seier han i intervjuet.
I staden vart Francois Hollande sosialistpartiet sin kandidat, og i første valomgang vann han over Nicolas Sarkozy. Søndag 6. mai møtest dei to i den avgjerande omgangen av presidentvalet, med Hollande som favoritt.
LES OGSÅ: Film om fransk sex-skandale
LES OGSÅ: Strauss-Kahn planlegger søksmål
– Sjølvmotseiingar

Dominique Strauss-Kahn fekk heile tida full støtte frå kona Anne Sinclair.
Foto: DON EMMERT/AfpStrauss-Kahn baserer skuldingane sine mot Sarkozy og hans støttespelarar på eigne undersøkingar av blant anna overvakingskamera på hotellet, og på opplysningar frå ein innleigd privatdetektiv.
Påtalemakta i New York la bort saka mot han i august i fjor fordi dei meinte at historia til Nafissatou Diallo var full av sjølvmotseiingar og usanningar.
Etter arrestasjonen sat Strauss-Kahn vart Strauss-Kahn fotografert med handjern på medan han vart ført bort av politifolk. Han sat først i eit vanleg fengsel, men vart seinare overflytta til husarrest.
Mogleg sivilt søksmål
Ein dommar i USA vil truleg avgjere i neste veke om Nafissatou Diallo skal få gå til sivilt søksmål mot Dominique Strauss-Kahn.
Intervjuet i Guardian er gjort at den amerikanske journalisten Edward Jay Epstein, som måndag skal lansere si nye e-bok om det som skjedde, «Three Days in May», eller «Tre dagar i mai» på norsk.
LES OGSÅ: Strauss-Kahn på fransk jord igjen
LES OGSÅ: Strauss-Kahn innrømmer feil
LES OGSÅ: Dropper anklager mot Strauss-Kahn
Les
Lenker
Anklagene mot Dominique Strauss-Kahn
- –Strauss-Kahn sentral i sexnettverk
- Fikk millioner av Strauss-Kahn
- Strauss-Kahn tapte i retten
- Strauss-Kahn og stuepiken forlikes
- – Vil inngå forlik med stuepike
- Banon sjikaneres i Frankrike
- – Strauss-Kahn og kona separert
- Strauss-Kahn saksøker stuepiken
- DSK kan bli anklaget for voldtekt
- Ingen immunitet for Strauss-Kahn
- Strauss-Kahn legg skulda på Sarkozy
Nyheter fra verden
Guatemalas ekspresident utlevert - - Ber unge tenne på biler og filme
- Politiet ber om forsterkninger
- Rutefly ba om hjelp mot passasjerer
- Norske styrker i kamper i Kabul
- La seg i bakhold for politiet
- Drapssiktet likevel ikke lølatt
- Fly nødlandet på Heathrow
- Jordskjelv i havet nord for Japan
- Belmokhtar i live




