25.05.2013

– Er eg invitert, så er eg invitert

Sweden Dinner Mix Up (Foto: Marianne Andersson/Ap)

Pensjonisten Margareta Winberg såg ut som ho trivdes saman med den politiske eliten i Sverige, då ho ved ein feiltakelse vart invitert på mdidag.

Foto: Marianne Andersson/Ap

Miljøvernministeren i Sverige inviterte sin forgjengar Margareta Winberg til middag med den svenske regjeringa. Men Margareta Winberg som møtte opp var berre ein vanleg pensjonist.

Når diplomatar og eks-ministre var samla i det svenske regjeringskvartalet for høgtideleg middag skulle den tidlegare landbruksministaren Margareta Winberg vere blant dei inviterte.

Då middagsgjestene møtte opp til middagen var det ingen som så noko teikn til eks-ministeren. Derimot så kom det ei eldre kvinne som ingen hadde sett før. Det viste seg nemleg at ei anna Margareta Winberg, ein 67 år gammal pensjonist frå Sundbyberg, var blitt forveksla og fekk invitasjonen i posten.

Dette stoppa ikkje pensjonisten, som gladeleg møtte opp i det celebre selskapet.

Skjønte at noko var feil

– Alt så riktig ut i invitasjonen, så eg tenkte at dette kanskje var noko eg burde stille opp på. Då eg kom fram til Rosenbad skjønte eg at det hadde skjedd ein feil, men dei sa eg var velkommen, så eg blei verande, sa ho til DN.se.

Sjølv om 67-åringen ikkje akkurat var så veldigt interessert i miljøspørsmål, ville ho ikkje reise heim til heimstaden berre fordi nokon hadde gjort ein feil.

– Er eg invitert, så er eg invitert, sa ho til avisa.

Winberg fekk også vere med på gruppebiletet etter middagen, saman med tidlegare statsrådar, diplomatar og andre medlemmar av den politiske eliten i Sverige.

– Vaktane kan takle ein pensjonist

Pressetalsmann ved det svenske miljøverndepartemenetet, Erik Bratthall, seier at dei ikkje hadde noko problemar med at det kom ein utanforstående til middagen.

– Vaktane ved Rosenbad kan takle ein pensjonist, seier Hall.

Det kan vise seg at det ikkje alltid er like lett for regjeringar å halde styr på kven som er invitert og ikkje under ulike tilstellingar. Då den norske regjeringa skulle ta bilete under regjeringskonferansen tidlegare i vår, hadde nestleiar i Arbeiderpartiet, Helga Pedersen, klart å snike seg med.

Helga Pedersen sniker seg med på regjeringsbilde uten lov (Foto: Varfjell, Fredrik/NTB scanpix)

Helga Pedersen klarte å snike seg med under fotograferinga av regjeringa i vår, sjølv om ho ikkje lenger er statsråd.

Foto: Varfjell, Fredrik/NTB scanpix

Då pressen var i gang med fotograferinga, løp plutseleg statssekretær Hans Kristian Amundsen inn i gjengen.

– Skal du også ta bilete? spurte ein undrande Jens Stoltenberg.

Men Amundsen skulle berre gjere oppmerksom på at Helga Pedersen ikkje hadde så mykje å gjere på bildet, då ho ikkje lenger er medlem av regjeringa.

Siste utenriksnyheter

Nyheter fra verden