Vart gift bort som eittåring - fekk ekteskapet annullert etter 17 år

Laxmi Sargara (18) nekta å godta at ho vart bortgift som eittåring.
Foto: STR/AfpIndiske Laxmi Sargara (18) vart gift bort då ho vart eitt år gammal. No har som første kvinne i India fått annullert eit barneekteskap.
Publisert 25.04.2012 23:53.
- Skriv ut

Laxmi Sargata med beviset på at barneekteskapet er oppløyst.
Foto: STR/AfpBarneekteskap er ikkje lenger lovleg i India, men like fullt er det vanleg ein del stader i landet å inngå avtale om ekteskap medan borna er små. Slike ekteskap er vanlege på landsbygda og i fattige område, slik som i delstaten Rajastan.
Mannen Laxmi vart bortgift til er to år eldre enn henne.
Vaks opp hos familien sin
Laxmi Sargara har vakse opp hos familien sin på vanleg måte, og ho visste ingenting om at ho alt var gift før ganske nyleg. Då kom familien til mannen ho vart gift bort til som eittåring og ville hente henne heim til han. Ho skulle starte eit nytt liv saman med han ho vart gift med som eittåring.
Men Laxmi hadde bein i nasen og nekta å vere med på det.
– Eg ville ikkje gifte meg, sjølv om foreldra mine ville at eg skulle gjere det. Då søkte eg hjelp, seier ho til det franske nyheitsbyrået AFP.
Ho fekk hjelp hos ein frivillig organisasjon, The Sarathi Trust i byen Jodhpur.
For første gong
– Ho var deprimert. Ho likte ikkje guten ho var gift med, og ho nekta å gjere som foreldra sa, seier Kriti Bharti, som arbeider for Sarathi Trust. Ho fortel at dette er første gongen eit barneekteskap har blitt annullert.
– Vi håper at andre får inspirasjon av dette og gjer som Laxmi, seier ho.
Mannen ho var gift med, Rakesh, ville først ikkje oppløyse ekteskapet, men gjekk med på det etter samtalar med The Sarathi Trust.
Dermed kunne Laxmi og Rakesh saman underteikne eit dokument som oppløyste barneekteskapet i nærvær av notarius publicus i Jodhpur.
Vanleg i India
Narayan Bareth, ein journalist i delstatshovudstaden Jaipur, seier at ei fersk undersøking viser at 10 prosent at jentene i delstaten blir gifte bort før dei fyller 18 år.
FNs barneorganisasjon UNICEF opplyser at 40 prosent at alle barneekteskap i verda blir inngåtte i India, trass i at indiske styresmakter har gjort mykje dei siste åra for å få slutt på uvesenet.
LES OGSÅ: Anmeldt for barneekteskap i Oslo
LES OGSÅ: - Finnes ingen tvangsekteskap
LES OGSÅ: Barneekteskap anmeldt til politiet
LES OGSÅ: Barnebruder – en ulykkelig historie
Les
India
- Indiske kvinner danner borgervern
- Hoppet i døden i flukt fra brann
- Sjukehus kollapsa i India
- Ny voldtekt ryster India
- Ni arrestert etter blokk-kollaps
- Funnet i live 36 timer etter husras
- Minst 45 døde i blokk-kollaps
- 34 døde i bygningskollaps i Mumbai
- Øksemordar i India drap ni
- India: Voldtekter skremmer turister
- India: Tilstår voldtekt av turist
Nyheter fra verden
Sterkeste stormen noensinne - Obama: – Ring meg om du trenger noe
- 40 barn sperret inne i skole
- Har bare én times dagslys igjen
- Oklahoma rasert av tornado
- Flere biler satt i brann i Sverige
- Hizbollah-soldater drept i Syria
- Flere politifolk skadd i Stockholm
- Gisseldrama i bank i Israel
- Turister omkom i luftballong-ulykke




