Videobileta over frå den sørkoreanske hovudstaden Seoul og den nordkoreanske hovudstaden Pyongyang viser tydeleg kor spent situasjonen mellom dei to landa er no. Det er stor frykt for kva som kan skje dersom Nord-Korea verkeleg gjennomfører ein ny atomtest.
Mislukka rakettoppskyting
Det var Nord-Koreas mislukka prøveoppskyting av ein rakett i samband med 100-årsjubileet for landsfaderen Kim Jong-il, som starta denne siste feiden mellom dei to landa.
Sør-Koreas president Lee Myung-bak var raskt ute og kritiserte nabolandet for å bruke pengane sine på rakettar og atomprogram, medan mange av innbyggjarane manglar mat på bordet.
Dette førde igjen til eit enormt raseri i nord, og på ein stor parade sist helg vart den sørkoreanske presidenten framstilt som ei rotte. Ein kvinneleg nyheitsopplesar på det statlege fjernsynet kom med truslar om at Nord-Korea er klar til øydeleggje store delar av den sørkoreanske hovudstaden Seoul.
– Klare til å angripe
Tysdag vart det brent dokker av Lee Myung-bak, og soldatar stod fram på fjernsynet om fortalde harmdirrande om kor klare dei er til å angripe nabolandet. Ein soldat seier at han er klar til å gå laus på Myung-bak berre med tørre nevar.
Det har ført til folkeleg mobilisering også i Sør-Korea, og i dag vart det stukke bajonettar og brent dokker som framstilte den noverande nordkoreanske leiaren Kim Jung-un.
Folk som blir intervjua på gata i Seoul seier rett ut at det no er på tida å gå til eit militært angrep på Nord-Korea.
LES OGSÅ:
Klar for atomprøvesprenging
I dag melde nyheitsbyrået Reuters at ei høgtståande kjelde i det nordkoreanske maktapparatet har sagt at landet no er nesten klar til å gjennomføre ei
. Denne kjelda har også tidlegare hatt rett om tidlegare nordkoreanske atomprøvesprengingar.Med det sinnet som no rår på begge sider av demarkasjonslina mellom dei to koreanske statane, er det stor internasjonal frykt for kva som kan skje dersom Nord-Korea verkeleg gjennomfører prøvesprenginga.
USA åtvarar Nord-Korea
Ein talsmann for Det kvite hus i Washington åtvarar i kveld på det sterkaste Nord-Korea mot å gjennomføre atomprøvesprenginga.
– Pyongyang burde avstå frå fleire fiendtlege og provokative handlingar. Dei gjer ingenting for å fremje fred på den koreanske halvøya eller i det nordaustlege Asia, sa talsmann Jay Carney på eit pressemøte i Det kvite hus.