Tusenvis på flukt frå Heglig i Sudan

FEIRING: Folk i Sudan feira då Sør-Sudan trekte seg ut av oljefeltet Heglig. No er tusenvis på flukt frå området på grunn av kampen om olja.
Foto: MOHAMED NURELDIN ABDALLAH/ReutersHeile befolkninga i Heglig flykta frå ein militær samanstøyt mellom Sudan og Sør-Sudan. Ifølgje FN er tusenvis av sivile på flukt på grunn av kampen om det oljerike området.
Publisert 22.04.2012 19:37. Oppdatert 22.04.2012 21:21.
- Skriv ut
Heile sivilbefolkninga i Heglig og omkringliggjande landsbyar har flykta frå området, ifølgje FN. Det skal dreie seg om 5000 personar.
Dei fleste skal ha gøymt seg i bushen og held seg under open himmel.

FOLKEFEST: Det braut ut folkefest i gatene etter at Sør-Sudan trekte seg ut av Heglig
Foto: MOHAMED NURELDIN ABDALLAH/ReutersKamp om olja
Kampane om Heglig starta for nesten to veker sidan, då sørsudanske styrkar overraskande gjekk inn og tok kontrollen over det strategisk viktige området.
LES: Obama ber om Sudan-forhandlinger
Heglig blir rekna som ein del av Sudan, men Sør-Sudan hevda at området, som er Sudan si viktigaste oljekjelde, er omstridt.
Etter press frå USA gjekk Sør-Sudan før helga med på å trekkje ut styrkane sine, og laurdag var tilbaketrekkinga fullført.
Samstundes hevdar Sør-Sudan at Sudan står bak fleire bombeangrep mot Heglig dei siste dagane.
Folkefest etter uttrekking
Sørsudanesarane erobra området 10. april, etter å ha hevda at den sudanske regjeringshæren brukte Heglig som base for militære operasjonar mot Sør-Sudan.
Etter at Sudan gjenerobra det oljerike grenseområdet braut det ut ein folkefest i gatene utanfor forsvarsdepartementet i Sudan.
LES: Sudan feirar at Sør trekk seg ut
FNs generalsekretær Ban Ki-moon stempla okkupasjonen av området som ulovleg, og verdssamfunnet har fordømt sudanske bombeangrep mot Sør-Sudan.
Sette fyr på kyrkje
Frykta for religiøse samanstøt aukar i Sudan etter at hundrevis av muslimske ekstremistar sette fyr på ei kyrkje i Khartoum.
Angrepet mot kyrkja skjedde dagen etter at Sør-Sudan kunngjorde uttrekkinga frå Heglig.
Den rasande mobben sette fyr på biblar og fleire bygningar blei øydelagde seier pastor Yussef Matar Kodi.
Fredag ba ein muslimsk bønneleiar om heilag krig mot kristne, noko som truleg ga støtet til åtaket mot kyrkja laurdag.
– Ingen kunne tru det. Noko slik har aldri skjedd før, seier Matar.
Sudan
- Sudans president besøker sør
- 31 personer bortført i Darfur
- Hundrevis flyktet fra flyktningleir
- Ber Tsjad pågripe Sudans president
- – Demilitarisert sone ved grensen
- Sudan utviser norsk diplomat
- 32 omkom i flyulykke i Sudan
- Sudan og Sør-Sudan har blitt enige
- Kvinne dømt til steining i Sudan
- Seks drept i demonstrasjon i Darfur
- Sudan og Sør-Sudan i fredssamtaler
Sør-Sudan
- Sudans president besøker sør
- Hundrevis flyktet fra flyktningleir
- – Over 100 drept i Sør-Sudan
- Mange på dødsceller i Sør-Sudan
- – Demilitarisert sone ved grensen
- Ti drepne i Sør-Sudan
- Opptil 60 kan ha omkommet på Nilen
- Unge sørsudanesere sendes på landet
- Sør-Sudan bygger ny hovedstad
- Sudan og Sør-Sudan har blitt enige
- Sør-Sudan står uten oljeinntekter
Nyheter fra verden
Guatemalas ekspresident utlevert - - Ber unge tenne på biler og filme
- Kenyas ledere bak drap og tortur
- Politiet ber om forsterkninger
- Rutefly ba om hjelp mot passasjerer
- Norske styrker i kamper i Kabul
- La seg i bakhold for politiet
- Drapssiktet likevel ikke lølatt
- Fly nødlandet på Heathrow
- Jordskjelv i havet nord for Japan




