20.06.2013

Fleire drepne i Syria trass våpenkvile

FN-observatørar i Syria (Foto: -/Afp)

FN-observatørar var tilstades i Homs der seks personar blei drepne i kampar i dag.

Foto: -/Afp

Ifølgje syriske aktivistar i eksil skal minst 13 personar, både sivile og soldatar, ha blitt drepne i nye valdshandlingar i Syria.

Ifølgje Syrisk observatorium for menneskerettar som held til i London, blei minst seks personar drepne i ny uro i opprørsbastionen Homs.

Tre sivile i ein bydel i Homs skal ha blitt drepne av regjeringsstyrkar, medan ytterlegare tre sivile blei drepne i ein annan bydel i opprørsbastionen.

I landsbyen Al Rami i Idlib-provinsen nord i landet skal tre personar ha blitt drepne, medan fire regjeringssoldatar skal ha blitt drepne i eit bombeangrep utanfor hovudstaden Damaskus.

LES: – Han vil fjerne Homs fra kartet

Til saman skal 13 personar ha blitt drepne, trass i at våpenkvila i landet skal gjelde.

FN trappar opp observatørstyrka

FN skal ha utplassert fleire observatørar i Homs der tre av dei drepne skal ha vore sivile.

LES: FN-ja til 300 observatørar i Syria

Til no har det ikkje vore mange FN-observatørar i Syria. Den syriske regjeringa har fått kritikk for at den første gruppa med obsetvatørar ikkjeh ar fått bevege seg fritt eller fått den tilgangen dei skal ha i landet.

Tryggingsrådet i FN har no vedteke ein resolusjon om å utvide observatørstyrka i Syria til opptil 300 personar.

Trassar våpenkvila

FNs spesialutsending Kofi Annan har lenge pressa for at FN må utvide observatørstyrkane sine i landet.

Annan meiner vegen til eit stabilt Syria er ved eit vendepunkt, og FN har bede om ro for å kunne sende fleire observatørar. Likevel held drapa fram.

Verken president Bashar al-Assad sine styrker eller opprørarane har heldt våpenkvila som skulle tre i kraft 12 april.

LES: – No må Tryggingsrådet ta ansvar

LES: Vil ha NATO inn mot Syria

Ifølgje fredsplanen til Kofi Annan skulle regjeringsstyrkane ha trekt seg ut av byområda før våpenkvila skulle tre i kraft 12. april. Sidan då har over 130 sivile blitt drepne, ifølgje aktivistar.

Våpenkvila og vedtaket om å utvide observatørstyrka til 300 er eit halmstrå som Vesten klamrar seg til, i håp om å stoppe valden.

VÅPENKVILA DAG FOR DAG

  • Torsdag 12. april
  • Våpenkvila trer i kraft etter ein plan som Kofi Annan har utarbeidd på vegner av FN og den Arabiske Liga. Den skal gjere slutt på valden som ifølgje menneskerettskjelder har kosta 11.000 menneske livet i løpet av dei 13 siste månadene.
  • Regimet til president Bashar al-Assad lovar å avblåse sine militære operasjonar, men held på retten til å svare på «åtak frå terroristane».
  • Syriske styrkar trekkjer seg ikkje ut frå byane slik fredsplanen krevjer.
  • Fredag 13. april
  • Titusenar av syrarar fylgjer oppfordringa frå opposisjonen om å demonstrere for å teste våpenkvila.
  • Laurdag 14. april
  • Tryggingsrådet i FN vedtek sin fyrste resolusjon om Syria. Den går inn for utplassering av ei gruppe på 30 uvæpna observatørar.
  • Søndag 15. april
  • Syria varslar at regimet kjem til å svare på «meir intense» åtak frå opprørarane.
  • Opposisjonen skuldar regimet for å bryte våpenkvila etter bombing og skyting av demonstrantar i fleire byar.
  • Dei seks fyrste FN-observatørane kjem til hovudstaden Damaskus søndag kveld.
  • Måndag 16. april
  • Det er harde kampar og skyting mellom regjeringshæren og opprørarane i byen Idlib. Bombinga av byen Homs held fram.
  • Tysdag 17. april
  • Ei gruppe på 50 land held møte i Paris. Dei fordømmer sal av våpen til regimet i Damaskus.
  • Onsdag 18. april
  • Syria sitt observatorium for menneskerettar melder at meir enn 80 menneske har blitt drepne dei tre siste dagane.
  • Torsdag 19. april
  • Generalsekretær i FN, Ban Ki-moon pressar tryggingsrådet til å raskt godkjenne utviding av observatørstyrken til 300.
  • Den syriske regjeringa signerer ein avtale om vilkåra som observatørane skal jobbe under.
  • Det meldast om skyting etter at observatørane besøkjer sørlege delar av Syria.
  • Vestlege og arabiske utanriksministrar varslar tøffare sanksjonar dersom regimet til Assad held fram å håne fredsplanen.
  • Tyrkia vurderer å involvere NATO på grunn av skyting ved den tyrkiske grensa til Syria.
  • Opprørarane ber omverda om militær intervensjon, til og med utan FN-mandat.
  • Fredag 20. april
  • Tusenar av syrarar protesterer mot regimet etter fredagsbøna.
  • 18 personar i tryggingsstyrkane er drepne, ifølgje statleg media. 14 sivile er drepne ifølgje menneskerettsorganisasjonar.
  • Annan anerkjenner gjennom sin talsmann at våpenkvila er «skjør» og at situasjonen «ikkje er bra».

Kjelde: AFP

Siste utenriksnyheter

Nyheter fra verden