Hopp til innhold

Over 120 omkom i flystyrt i Pakistan

Eit passasjerfly med opptil 127 personar om bord har styrta ved den internasjonale flyplassen i Islamabad. Alle omkom.

Flyulukke i Pakistan

Redningsarbeidarar søker gjennom flyvraket etter styrten i Islamabad.

Foto: AAMIR QURESHI / Afp

– Alle passasjerane som var om bord er stadfesta omkomne etter at eit passasjerfly styrta like utanfor Islamabad, ifølgje det pakistanske innanriksdepartementet.

Passasjerflyet skal ha styrta på grunn av dårleg vêr, og mista kontakta med flyplassen få minutt før det skulle lande, ifølgje politiet og lokale medium.

– Vraket stod i full fyr

Redningsmannskap etter flystyrt i Pakistan

Pakistanske redningsarbeidarar er på ulykkesstaden

Foto: AAMIR QURESHI / Afp

Boeing 737-flyet høyrer til eit pakistansk flyselskap og var på veg frå Karachi til Islamabad då det styrta like før det skulle lande.

Ifølgje fleire medium skal det ha vore 118 personar ombord og eit mannskap på ni personar.

CNN meldte først at det var snakk om over 130 personar ombord på flyet, men har no nedjustert talet til 121 etter å ha snakka med ein talsmann for myndigheitene.

Ifølgje polititenestemann Saifur Rehmann som var på åstaden kort tid etter styrten stor flyvraket i full fyr og var fullstendig øydelagt då dei kom til staden.

Den pakistanske forsvarsministeren Chaudry Achmed Mukhar seier til BBC at flyet tok fyr i lufta.

Blant passasjerane skal det ha vore minst åtte born, melder NBC News.

Reiv taket av fleire bygg

Flyet skal ha hamna i ein landsby om lag tre kilometer frå ein motorveg til Islamabad.

Flyet reiv taket av fleire bygningar før det traff bakken, fortel fleire vitner. Bilete frå lokale TV-stasjonar viste pakistanske redningsmannskap som leitte i stummande mørke med lommelykt etter overlevande.

Artikkelen held fram under klippet:

Video PAKISTAN-200412-WW

NETT-TV: Passasjerflyet skal ha styrta på grunn av dårleg vêr, ifølgje politiet og lokale medium.

– Ville vere eit mirakel

Vrakrestar etter flyulukke i Islamabad

Redningsmannskap leitar gjennom vrakrestar etter flystyrten

Foto: AAMIR QURESHI / Afp

Ifølgje det pakistanske politiet ville det ha vore eit mirakel om dei hadde funne overlevande etter flystyrten.

– Det ville vere eit mirakel om det fans overlevande etter denne styrten. Flyet er totalt øydelagt, sa polititenestemann Fazle Akbar til AFP.

Myndigheitene har frigitt ei liste med namn på dei omkomne passasjerane til ein lokal mediekanal.

Augevitne såg flyet ta fyr

Augevitnet Samab Ahmad fortalte BBC at han arbeidde på ein byggeplass ikkje langt frå rullebana på flyplassen og såg flystyrten med eigne auge.

– Eg såg flyet krasje oppå ei slags bygning og plutseleg ta fyr, sa Ahmad.

– Det er eit forferdeleg, forferdeleg syn.

Det er usikkert kva som er årsaka til flystyrten.

Fleire flyulukker i same by

I november 2010 omkom 12 personar då eit transportfly styrta i eit bustadområde i Karachi. Flyet styrta eitt og eit halvt minutt etter avgang.

LES: Fly styrtet i boligområde

LES: 21 omkom i flystyrt i Pakistan

Tidlegare same året skjedde den dødelegaste flyulukka i Pakistan på 18 år. I juli 2010 styrta eit passasjerfly med 152 personar om bord, og ingen overlevde.

Det var tjukk tåke og kraftig regnvêr då ulukka skjedde.

Dette flyet kom òg frå Karachi, og var på veg til å lande i Islamabad.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt